Det melder operasjonssentralen i Vest politidistrikt laurdag kveld.
Mannskapa som er sendt ut er sendt frå Flåm.
Klokka 20:30 informerer operasjonsleiar i politiet, Bjarte Rebnord, om at Røde Kors har lokalisert det svenske paret, og at dei oppheld seg på ein sti.
Ifølge operasjonsleiaren skal det unge paret vere våte og kalde, og den eine har problem med å gå på grunn av kulda.
– Røde Kors-mannskapet er på veg opp frå Flåm sida, og paret skal forsøke å gå dei i møte, fortel han.
Rebnord fortel at situasjonen ikkje verkar å vere kritisk, og at Røde Kors er venta å vere oppe med paret i løpet av dei neste to timane.
Firda oppdaterer saka.
Les meir om: artikkelemnene