Like før midnatt laurdag måtte politiet i aksjon under Oktoberfestivalen i Stryn.
Ein rusa mann spytta og var utagerande mot andre folk på festivalen, inkludert ordensvaktene.
Dei ringde politiet. Då sat mannen seg opp mot dei òg. Han blei då tatt med av Onkel Blå og frakta til arresten i Førde.
Han blir meld for ordensforstyrring. Elles har ikkje Firda høyrd anna enn at folk koste seg under den tysk-inspirerte festivalen.
Det ser i alle fall slik ut i München:

FEST: Tyskland er gode på den tradisjonsrike oktoberfestivalen.
Foto: Matthias Schrader
.png)
For abonnentar
Les også
Førdehuset får støtte frå spelemidlar. – Ei veldig bra ordning

For abonnentar
Les også
Dieselopprør i Norge – berre ikkje i Sogn og Fjordane