Kl. 10.19 blei det meld om eit jordras over E39 ved Eikås mellom Vassenden og Moskog.

Vegen er stengd.

Det er opplyst om at det ikkje er tatt nokon bilar, bygningar eller personar av raset. Det skal vere om lag ti meter breitt og éin meter høgt.

Entreprenør er på staden, og politiet er på plass. Til Firda blir det meld at det er usikkert når vegen kan opne att. 

Raset består av gjørme og trær. 

Det er venta store nedbørsmengde søndag, og det er oransje farevarsel for jordskred i Sunnfjord. 

Det skal vere mogleg å køyre om Øvre Eikås. Det er ein smal lokalveg.

Firda oppdaterer saka.

Les også

Oransje farevarsel for store deler av Vestland