Det har gått eit jordras over E39 Jølstravegen ved Eikås, mellom Førde og Vassenden.

Meldinga kom klokka 10.13 søndag føremiddag.

Ingen personar, bilar eller bygningar skal vera trefte, opplyser politiet. 

– Raset er om lag 10 meter breitt og ein meter høgt. Det er ikkje mogleg å passera, melder operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen.

Politiet rykkjer ut. Statens vegvesen er også varsla og entreprenør er på veg til staden. 

Klokka 10.35 er politipatruljen framme på staden. 

– Raset består av gjørme og tre.

Det er uvisst kor lenge vegen vil vera stengd. Mogleg omkøyring er via Eikåsvegen.

Klokka 11.29 melder politiet at oppryddingsarbeidet har starta.

– Det er manuell dirigering på staden, og delvis opna opp. Tyngre køyretøy får køyra gjennom, medan mindre bilar nyttar omkøyringsveg. 

Sogn Avis oppdaterer saka.