Måndag ettermiddag har Sparebank 1 Sogn og Fjordane driftsproblem. Det same gjeld fleire Sparebank 1-bankar.

Ein kan derfor oppleve utfordringar med betalingstenestene. 

Banken beklagar ulempene dette medførerer og jobbar med å løyse problemet. 

Også Vipps har trøbbel, melder VG. Problema der går på vennebetaling som ikkje fungerer frå enkelte bankar, seier kommunikasjonssjef Kari Kjær til avisa. Ho understrekar at vippsing gjennom kort og såkalla «tæpping» fungerer som normalt.

Overfor NTB stadfestar ho at éin av bankane med trøbbel er SpareBank 1, men seier at det er uklart kva andre.

Firda oppdaterer saka.