Staten ankar dommen som falt i august. Det melder regjeringa i ei pressemelding.

Lagmannsretten slo fast at løyvet til deponering av gruvemassane i Førdefjorden er ugyldig.

«Staten er usamd i vurderinga frå lagmannsretten og meiner at retten tolkar vassforskrifta feil på fleire punkt. Etter ei grundig vurdering er konklusjonen derfor at staten ankar dommen», skriv regjeringa.

– Knusande

Naturvernorganisasjonane bak saka er naturleg nok ikkje imponert over statens avgjerd.

– Sjansen for at staten skal vinne i Høgsterett er svært liten. Dommen frå lagmannsretten er så knusande at det einaste ansvarlege er å trekkje utsleppsløyvet tilbake. Sjølv om staten har rett til å anke, kan ikkje det bety at gruveselskapet skal få lov til å øydeleggje fjorden medan saka går sin gang, seier Truls Gulowsen, leier i Naturvernforbundet i ei pressemelding.

SAKSØKJARAR: Askvollingen Sigrid Hoddevik Losnegård, leiar i Natur og Ungdom, og Naturvernforbundet-leiar Truls Gulowsen.
Foto: Lovise T. Rannekleiv

Dei ber i staden klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen beordre stans i deponeringa.

«Ei berekning miljøorganisasjonane har gjennomført med tal frå kvartalsrapporten viser at det allereie sommaren 2026 kan vere deponert meir enn 1 million tonn gruveavfall i Førdefjorden. Det svarer til rundt 40 000 lastebillass», skriv dei i meldinga.

– Viktig for Norge

Lagmannsretten skulle ta stilling til om statens vedtak om å tillate deponering av gruveavfall i fjorden oppfyller krava i vassforskrifta. Det er eit krav frå EUs vassdirektiv.

Lagmannsretten meinte at driftskonsesjonen og løyva etter forureiningslova til gruveverksemda langs fjorden var ugyldige.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen seier at staten ankar dommen fordi det er «prinsipielt viktig med ein tydeleg avklaring frå Høgsterett i denne saka».

TIL RETTEN IGJEN: Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen tar Nordic Mining i forsvar.
Foto: Eva Neteland

– Engebø er viktig for Norge fordi han sikrar tilgang på eit kritisk og strategisk viktige mineral, og skaper lokale arbeidsplassar. Det er den første nye metallgruva på fleire tiår. Prosjektet har brei politisk støtte og stor lokal oppslutning, og har allereie bidrege med verdiskaping, seier næringsminister Cecilie Myrseth i pressemeldinga.

Nordic Mining skal opp i ein annan rettssak i Sogn og Fjordane tingrett i oktober. Der har miljøorganisasjonane som vann saka i lagmannsretten kravd umiddelbar stans i deponeringa i høve dommen som kom i dei favør.

Sjølv om lagmannsretten har konkludert, må staten aktivt trekke tilbake løyvet Nordic Mining opererer ut ifrå. Selskapet har framleis løyve, då staten ikkje har trekt det.