Sogn Avis er blant dei, og har no eit godkjent opplag på 9424. Det er ein pluss på 125 betalande abonnentar frå same tid i fjor.

Firda Tidend i Gloppen veks mest av dei lokale avisene i denne perioden (+146), deretter følgjer Sogn Avis, og Firdaposten (+80).

– Me gler oss over at stadig fleire vil abonnera på journalistikken Sogn Avis lagar, i ei tid der konkurransen om folk si tid kanskje er tøffare enn nokon gong, seier sjefredaktør Cato Husabø Fossen. 

– Unike historier

Han seier at Sogn Avis er blant dei lokalavisene i heile landet som har lukkast aller best med å få med papirabonnentane over på dei digitale flatene.

– Det trur eg skuldast at me har dyktige journalistar som går ut dørene kvar morgon for å fortelja viktige, engasjerande og unike historier frå regionen vår som ein ikkje får andre stader. Som til dømes helgas mest leste sak om den unge hotellsjefen i Skjolden, seier Fossen.

Før han legg til:

– Og me kan alltid bli betre. Kvar einaste sogning som ikkje les Sogn Avis er i grunn ein for mykje. Så ta kontakt og gje oss gode tips, ris og ros.

Sju av ti aviser veks

Tala for Mediebedriftenes Landsforeining viser at opplaget for norske aviser aukar med 2,9 prosent i første halvår 2026, og 69 prosent av titlane kan visa til vekst. Norske aviser har eit samla opplag på 2,63 millionar i første halvår av 2026. 

– Det er positivt at heile sju av ti aviser aukar opplaget. Dette viser at betalingsviljen for redaktørstyrt journalistikk står sterkt, og at norske aviser lukkast med å møta lesarane sine behov, seier Randi S. Øgrey, administrerande direktør i MBL.

Her er opplagstala for avisene i Sogn og Fjordane for første halvår 2026 samanlikna med første halvår 2025:

TittelNetto total (H1 2026)Netto total (H1 2025)Endring i opplagProsentvis endring Firda 10 734 10 773 -39 -0,36 % Sogn Avis 9 424 9 299 +125 +1,34 % Firdaposten 4 746 4 666 +80 +1,71 % Fjordenes Tidende 4 505 4 498 +7 +0,16 % Fjordingen 3 818 3 820 -2 -0,05 % Firda Tidend 3 106 2 960 +146 +4,93 % Porten (Porten.no) 2 053 2 024 +29 +1,43 % Ytre Sogn Avis 1199 1196 +3 +0,25% Fjordabladet 3402 3348 +54 +1,61%
  • Som me skreiv i førre veke: Også dei offisielle totale lesartala til Sogn Avis har auka det siste året. Frå 21.556 til 23.006 lesarar. Det kan du lesa meir om her.

Les også

Sogn Avis passerer 23.000 lesarar: – Ikkje nokon grunn til å kvila