Trafikantane må førebu seg på 12-timars stengingar og tilpassa reisevanane sine, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.
– Kontrakten er signert med arbeidsfellesskapet Skanska og Vassbakk og Stol, og om eit par veker startar arbeidet med klargjering for oppstart i områda rundt tunnelen, seier prosjektleiar Susanne Svardal i Statens vegvesen.
Måndag 16. november kl. 18.00 startar den første 12-timars stenginga, og slik vil det halda fram dei neste to åra.
Vegvesenet opplyser at klokkeslett for stenging vil bli handheva strengt, slik at det vil vera nyttelaust å koma fem minutt for seint når nattestenginga trer i kraft.
For lokale bebuarar i Aurland og Lærdal blir det eit busstilbod med tre avgangar på kveldstid frå begge sider av tunnelen før midnatt. Elles skal det vera mogleg å få fram utrykkingskøyretøy gjennom tunnelen på kort varsel når det står om liv og helse.
Natt til søndag er tunnelen open for trafikk.
Når rv. 7 Hardangervidda er stengd under uvêr vinterstid, skal Lærdalstunnelen haldast open.
Arbeidet med å klargjera til anleggsarbeid i tunnelen startar om eit par veker.
Vegvesenet oppmodar til å bruka vegvesen.no/trafikk før du køyrer, og installera Vegvesenet sin Trafikk-app på mobilen.