BERGENSAVISEN: Verdas lengste vegtunnel skal stengast i tolv timar i døgnet i to år. Den blir stengd i tidsrommet frå klokka 18.00 på kvelden til klokka 06.00 om morgonen.
Klokkeslettet for stenging vil bli handheva strengt, påpeiker Statens vegvesen.
– Det vil vere nyttelaust å komme fem minutt for seint når nattestenginga trer i kraft, opplyser prosjektleiar Susanne Svardal i Statens vegvesen i ei pressemelding.
Tunnelen blir kveld- og nattestengd seks dagar i veka. Natt til søndag er tunnelen open for trafikk.
– Kontrakten er signert med Skanska og Vassbakk og Stol, og om eit par veker startar arbeidet med klargjering for oppstart i området rundt tunnelen, fortel Svardal.
Dette er Lærdalstunnelen
Lærdalstunnelen ligg på E16 mellom Håbakken i Lærdal og Nyheim i Aurland.
Tunnelen er 24.509 meter lang og dermed verdas lengste vegtunnel.
Den er lengre enn Yamatetunnelen (18,2 km) i Japan, Zhongnanshan-tunnelen (18,04 km) og Jinpingshan-tunnelen (17,54 km) i Kina og St. Gotthard-tunnelen (16,32 km) i Sveits.
Lærdalstunnelen blei bygd for å skape eit ferjefritt alternativ mellom Aurland og Lærdal. Anleggsarbeidet starta i 1995 og tunnelen blei opna for trafikk 27. november 2000.
Kjelde: Store Norske Leksikon
Opnar ved uvêr i fjellet
Trafikken på E16 kan også bli påverka på dagtid.
Statens vegvesen opplyser at entreprenøren kan utføre arbeid på dagtid i tunnelen som gjer at korte strekningar inne i tunnelen kan bli lysregulerte.

PROSJEKTLEIAR: Susanne Svardal i Statens vegvesen.
Foto: Statens vegvesen
Frå november vil riksveg 7 over Hardangervidda bli ei viktig alternativ rute mellom aust og vest på kveld- og nattetid.
– På grunn av Lærdalstunnelens viktige funksjon som transportåre mellom aust og vest, er det planlagt at når rv. 7 Hardangervidda er stengd under uvêr vinterstid, skal Lærdalstunnelen haldast open, skriv Svardal.
Vikafjellet blir eit alternativ for trafikken mellom Indre Sogn og Bergen.
Det er allereie sett inn ein ekstra nattavgang på ferjesambandet Vangsnes-Hella, og når Lærdalstunnelen stenger blir det to avgangar til på nattetid.

Les også
Fleire mistar lappen for ekstremfart. UP-sjef peikar på elbil og egoisme