Meiningar
Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Sjølv om eg ikkje står ved pumpa og ser talet tikke opp, så kjem rekninga likevel. Den kjem i butikken, på apoteket, i kostnaden til tjenseter og i fraktkostnaden på nettbestillinga. Drivstoff er ikkje berre ein «bilkostnad». Det er ein grunnkostnad i heile samfunnet vårt, fordi nesten alt vi lever av må fraktast: Mat, medisinar, byggjevarer, klede og pakkar.
Difor meiner eg det blir feil når debatten om drivstoffprisane berre handlar om «bilistar mot ikkje-bilistar». Dette handlar om rettferd og kvardagsøkonomi, om korleis avgifter og prisar slår ut i heile verdikjeda.
Når diesel og bensin blir dyrare, blir det dyrare å få varer fram til butikkhyllene. Transportørane får høgare rekningar, og dei må ta det att ein stad. Dei store kjedene har makt og marginar, og kan forhandle hardt og skyve kostnadane vidare til oss forbrukarar. Men dei mindre lokale bedriftene, den vesle matbutikken, bakeriet, den lokale grossisten, handverkaren, bonden og transportselskapet med få bilar, dei har ikkje same musklar. Dei får mindre å gå på, og endar ofte med å måtte velje mellom å setje opp prisane, kutte i tilbodet eller i verste fall leggje ned.
Og kven blir ståande att med rekninga? Oss alle, uansett om vi har bil eller ikkje.
Det er her det verkeleg svir for dei som allereie har minst. Studenten som lever på stramt budsjett og merkar kvar einaste prisauke på mat. VGS-eleven på hybel som ikkje har bil, men som likevel må betale meir for brød, mjølk og pålegg. Pensjonisten som tel kroner og øre og må prioritere hardare mellom mat, medisinar og straum. Og alle dei som allereie slit, som ikkje har buffer når «alt» blir litt dyrare på ein gong.
Når kostnadene aukar for transport og logistikk, aukar dei for alle. Også for oss utan bil.
For til slutt er det ikkje «bilistane» som betaler. Det er studenten. Det er pensjonisten. Det er den lokale bedrifta. Og det er alle oss som berre prøver å få kvardagen til å gå rundt.

Prisane ved st1 i Sogndal 11.september
Foto: Adelheid Breidvik