– Det viktige arbeidet som beskytterskapsorganisasjonar og -institusjonar bidreg med i samfunnet, har stor verdi. Kongehuset sender ein varm takk for den store innsatsen, skriv kongehuset.
Saka er omtalt i Nettavisen.
Som følgje av tronskiftet forsvinn dei faste kongelege beskyttarskapa til kong Haakon og dronning Mette-Marit. Dei skal starte sine nye roller med blanke ark.
Men ordninga skal halde fram, og både eksisterande og nye organisasjonar som ønskjer kongeleg beskyttarskap må søke innan 1. februar 2027 for å bli vurderte.
Dronning Mette-Marit har vore høg beskyttar for Førdefestivalen sidan desember 2010. Beskyttarskapet blir vanlegvis fornya i periodar på fem år, og hennar beskyttarskap med Førdefestivalen vart sist fornya i januar 2026.

Les også
– Vi kunne ikkje seie nei til dei

Les også
Desse skal spele på «Laksen»

Les også
Førde får ny «nattklubb»