Det er lett å seia på TV at det er forskjell på krise og kvardag. Det er verre å sjå folk som er avhengige av bil i auga og forklara kvifor ein liter diesel må kosta 30 kroner.

Over 70 lokallag, inkludert dei fleste her i Sogn, har signert oppropet som ber Høgre-leiinga snu og gjera drivstoff billegare igjen. 

VG har daglege oppslag om folk som melder seg ut i protest. Nettavisen har døypt prisauken «Ine-prisen». 

Det blir nok opplevd som urettferdig, men er fullt fortent.

Berre Høgre sin baksmell

Det var Høgre som saman med Frp, Sp og KrF vedtok å senka avgiftene då krigen mellom USA og Iran sende oljeprisen til vêrs i mars.

Då var alle litt meir opptatt av å ta æra for avgiftskuttet, enn av å understreka at det berre skulle vara til 1. september. 

At Frp og Sp skulle synast dieselen var dyr også då ferien var over, kom like overraskande som regn gjer på Vestlandet. I lys av dette, er det uforståeleg at Høgre kunne stilla seg slik at heile baksmellen vart deira.

Rett nok blidgjorde dei mange av sine eigne i distrikta. Men neppe fleire enn dei forvirra i byane då Ine Eriksen Søreide plutseleg vart framstilt som dieselpopulist. 

På målingane sidan Høgre var med på å senka avgiftene, har Høgre falle mest, og Frp vakse mest.

Dersom Høgre-leiinga sitt mål var veljarvinst, mislukkast det fullstendig. Men sjølv oppegåande folk kan lata seg riva med.

Kvardag, ikkje krise

Etter sommaren har Søreide valt å setja ned foten, og stå på den.

«Det er forskjell på krise og kvardag», er bodskapen. 

I denne kvardagen er pumpeprisane like høge som då Høgre definerte at det var krise. Mange stader høgare. 

Det er framleis krig i Iran. Russland driv framleis krig mot Ukraina. Trump styrer stadig USA. Denne veka nådde dei globale dieselprisane eit historisk høgt nivå. Og før me tok helg, sette Noregs Bank opp renta.

Men no er det kvardag, og Høgre sitt svar er store skattekutt. Som dei ikkje har fleirtal for. Og ikkje har sannsynleggjort ein plan for å få fleirtal for. Før kanskje ein gong etter neste stortingsval i 2029. 

Det skal fyllast ein del diesel før det.

27. mars i år sa Ine Eriksen Søreide: 

«Dessverre vet vi at Støre-regjeringen ikke vil la folk beholde mer av sine egne penger. Derfor tok vi i dag ansvar i Stortinget, og fikk flertall for vårt forslag som vil gi folk lavere drivstoffpriser».

Men no er det kvardag, og det som var ansvarleg, har blitt uansvarleg.

Det er mogleg å argumentera for at dette er ei oppskrift på korleis skape politikarforakt og mistru.

Overalt – men ikkje her

I NRKs Debatten om drivstoffprisane skrytte Ine Eriksen Søreide av at ho det siste halvåret har vore «overalt» på lytteturnè.

Fleire Høgre-folk eg har snakka med siste veka trekkjer fram dette som noko som provoserte dei, ettersom det er ganske mange stader ho ikkje har vore. Som til dømes heile Sogn og Fjordane.

Det er ikkje eit kjempebra teikn for partileiinga at lista for kva grasrota let seg irritera over ligg så lågt.

Mitt inntrykk er heller ikkje at dieselopprørane internt i Høgre har blitt rabiate.

Umogleg å forstå

Dei fleste av dei er samde i at eit avgiftssystem ikkje kan endrast kvar gong marknaden tøyser det til. Staten skal ikkje møta kvar nye utfordring med ei krisepakke. Både folk og bedrifter må ha buffer til å takla svingingar i økonomien. 

Dei synest berre det er klink umogleg å forstå, forklara og forsvara kvifor diesel skal kosta over 30 kroner literen.

Særleg i dei delane av landet der me nærast kan lukta oljen frå kysten, men der tog, buss, trikk, bane, sykkel, elsparkesykkel eller det å ta beina fatt, ikkje er alternativ. 

Om folk og bedrifter som er avhengige av drivstoff betalar for mykje, burde vera ein heilt naturleg diskusjon å ta for eit parti på høgresida. Heilt uavhengig av mellombelse krisetiltak. Avgiftsnivået i Noreg er svært høgt.

Særleg viss alternativet Høgre har å koma med til dei som slit, er skattelette om fire-fem år.

Brukar vesentleg meir

Forsking frå TØI og Cicero viser at høge drivstoffprisar råkar geografisk skeivt. I distrikta er avstandane lengre og folk brukar vesentleg meir av disponibel inntekt på drivstoff. 

Overgangen til elbilar har gått saktare fordi fordelane frå start var målretta mot byane og dei økonomiske incentiva færre på bygda. 

Og dersom kvardagen er køyring i dritvêr over fjellet, er det eit godt vestlandsk instinkt å villa minimere risiko for ladekø og tomt batteri.

Dette er i endring no. Ladenettet har blitt betre og elbilane meir pålitelege. 95 prosent av nye bilar i Sogndal i fjor var elbilar. Og det blir selt fleire brukte elbilar i Vestland enn i Oslo. 

Men dei fleste fyller framleis diesel eller bensin. 

Kjem ikkje til å snu

Det er ikkje primært Ine Eriksen Søreide som skal møta desse bilistane på stand i Årdal, Luster og Vik fram mot kommunevalet.

Det er Høgre sine lokalpolitikarar.

Dei må ha svar til pendlaren utan alternativ og maskinentreprenøren som fyller tusenvis av liter i veka, på kvifor Høgre ikkje vil gjera noko med prisen på tavla.

Ein kan forstå at dei ikkje gler seg til det.

Men Høgre-leiinga kjem ikkje til å snu, så lenge Søreide bestemmer.

Kanskje har dei konkludert med at feilen skjedde i vår, og at dei aldri burde vore med på å senka avgiftene då. 

Lært at det einaste folk likar dårlegare enn å ikkje få noko, er å få noko og så bli tatt frå det att.

Lært av Arbeidarpartiet, som har stått støtt på nei til billegare diesel heile vegen. Og faktisk gått fram på målingane.

Viss det er slik landet ligg kunne Ine Eriksen Søreide kanskje tent på å berre seia: Sorry, me har dumma oss ut.

Kan tapa meir

For veljarane er ikkje dumme. Dei gjennomskodar argumentasjon som ikkje heng saman. 

For ein fersk partileiar som skal byggja tillit over lang tid, kan det vera vel så viktig at folk veit at du står for noko, som akkurat kva du står for.

Dei fleste veljarar skjønar at dei aldri kjem til å vera samd med eit parti i absolutt alle saker.

Høgre mister garantert nokre på å ikkje senka avgiftene igjen.

Men kan tapa meir viss leiinga ikkje er truverdige i si framferd og vert oppfatta som

Underteikna var kommunikasjonssjef i Høgre og pressesjef for tidlegare statsminister Erna Solberg frå 2020-26, men gjekk ut av partiet då eg vart ansvarleg redaktør i Sogn Avis.

Les også

Fem Høgre-lag i Sogn med på opprør mot partileiinga

Les også

Framleis skyhøge dieselprisar

Les også

Eg har ikkje lappen, men pumpeprisen påverkar meg også

Les også

Ein gravemaskin kan ikkje gå på politiske ambisjonar

Les også

Svir av ti tusen kroner på å fylla ein tank: – Det er først og fremst kundane det går utover