(AVISA HORDALAND:) Erling Braut Haaland vart kåra til den beste spelaren på landslaget under kampen mot Danmark i Nasjonsligaen.
I samband med dette har Haaland valt å dela ut 10.000 kroner til FBK Voss, i samarbeid med Norsk Tipping.

Det er ein overraska og kry leiar i FBK Voss som tek telefonen når Hordaland ringer.
– Eg blir ringt ned no av alle moglege! Dette er jo heilt fantastisk! Tenk at verdas beste spiss vil dela ut pengar til oss! seier Hallgeir Finbråten.
– Kvifor trur du han valte Voss?
– Familien hans har jo hytte i Rasdalen på Bolstad, og dei er der ein del. Så slik sett er det kanskje ein link her.
– Har du møtt Erling Braut Haaland sjølv?
– Nei, det har eg ikkje. Men eg har møtt faren hans, Alf-Inge Haaland, som er kjempetriveleg. Nei, dette var berre utruleg moro ein fredagskveld!
– Kva skal pengane nyttast til?
– Nei, så langt har eg ikkje tenkt endå, men pengane kjem alltid til gode til klubben. Dette er ei stor ære, seier Finbråten.

Les også
Haaland-feber i heile landet, men i Rasdalen tek ingen av: – Ein fantastisk familie