Det melder Kvinnherad bibliotek i ei pressemelding.

«Den opphavlege Sommarlesfesten var planlagt laurdag 29. august, men vart utsett på grunn av landssorga etter kongen sin bortgang. No er ny dato på plass, og biblioteket gler seg stort til å gjennomføra festen».

Det skjer tysdag i haustferien, 6. oktober. I år får biblioteket besøk av «verdsartisten» Captain Frodo med framsyninga «Captain Frodos Magiske Sirkus», står det i pressemeldinga. Captain Frodo, eller Frode Sandve, er ein internasjonalt anerkjend artist som mellom anna opptrer med Cirque du Soleil i Las Vegas, og mange kjenner han også frå Dyreparkens Sirkus Jesper:

«Her blir det ei morosam og magisk oppleving med trylling, sirkuskunstar, humor og spennande publikumsdeltaking. Målet er å inspirera born til å bruke fantasien, vera kreative og tru på eigne draumar».

Bakgrunnen for festen er at biblioteket ønskjer å gjera stas på alle dei hundre barna frå 1. til 7. klasse som har delteke på «Sommarles»- kampanjen, og som har lese bøker gjennom heile sommarferien. Kanskje blir det også nokre ekstra premiar til deltakarane under festen.

«Sjølv om festen er ei feiring av Sommarles, er arrangementet ope for alle. Både dei som har delteke i Sommarles og andre born og familiar er hjarteleg velkomne. Vi er veldig glade for at vi endeleg får gjennomført Sommarlesfesten, og vi håpar mange vil koma og oppleva eit heilt spesielt show saman med oss», står det avslutningsvis i pressemeldinga.

Captain Frodo kjem til biblioteket for å underhalda på Sommarles-festen.
Foto: Thomas Mortveit/Shady Shades