Prosjektet kombinerer dermed fornybar kraftproduksjon med bruk av aluminium frå Hydro sine eigne fabrikkar.
Det melder Hydro i ei pressemelding.
Droppar stål og kompositt
Som del av Illvatn-prosjektet skal Hydro Energi byggja ein 13 kilometer lang 145 kV-kraftleidning mellom Fivlemyane og Sveinsøystølen i Fortunsdalen i Luster.
Dei 45 mastene langs traseen skal produserast i aluminium mellom anna ved pressverka i Finspång i Sverige og Lichtervelde i Belgia. Materialet kjem dermed frå selskapet si eiga verdikjede og består av både resirkulert aluminium og lavkarbon-aluminium produsert ved Hydro sine verk i Noreg.
Standarden i bransjen har lenge vore stål og kompositt. Aluminium har lågare CO₂ utslepp ved produksjon enn til dømes stål og kompositt, framhevar selskapet.
Sterkt og krev lite vedlikehald
Fivlemyrane ligg 1018 meter over havet og prosjektet vert bygd i eit krevjande fjellterreng.
– Aluminium har gode eigenskapar knytt til resirkulering og kan produserast med eit svært lågt karbonavtrykk. I tillegg har det høg styrke i høve vekt, er motstandsdyktig mot korrosjon og krev lite vedlikehald, seier Jan Helge Mårdalen, leiar for drift og utvikling i Hydro Energi i pressemeldinga.
Låg vekt gjer mastene enklare å transportera i det krevjande terrenget.
– Samstundes bidreg lettare komponentar til ei sikrare gjennomføring av arbeidet, seier Mårdalen.
Fivlemyrane ligg 1018 meter over havet og prosjektet vert bygd i eit krevjande fjellterreng.
Kostar 2,5 milliardar
Illvatn er eit heilt nytt kraftverk som skal bidra med ny kraft og meir effekt i det norske kraftsystemet. Pumpekraftverket skal gjera det mogleg å pumpa vatn frå Fivlemyrane opp i Illvatn og auka lagringskapasiteten i magasinet med om lag 90 millionar kubikkmeter vatn.
Prosjektet er forventa å gje ein brutto produksjonsauke på rundt 210 GWh årleg og ei netto auke i fornybar kraftproduksjonen på 107 GWh.
Byggjearbeida starta i november 2025 og anlegget er planlagt sett i drift i løpet av andre kvartal av 2030. Investeringsramma er 2,5 milliardar kroner.