Sleggekastaren har vore med i to VM og i OL i fjor, men aldri kome seg heilt til finalerundane.

Tysdag var han ikkje berre med i VM-finalen, men Mardal yppa seg mot favorittane òg.

28-åringen hamna til slutt på ein 6. plass, med eit bestekast på 78,02 meter.

– Jævlig deilig! Det var berre å prøve. Dette er heilt sjukt bra, skreik trenar Paul André Solberg til Mardal på sidelinja etter konkurransen, mens NRK retta mikrofonen mot duoen.

Mardal blei beste nordmann. Eivind Henriksen enda på 9. plass, med eit kast på 76,47 meter.

– Rått nivå

Mardal verka naturleg nok svært godt nøgd då han snakka med NRK etter konkurransen. Han har fått orden på trøblete akilleshælar, og stabilisert kasta sine.

No manglar berre det verkeleg lange kasta som kan ta han heilt opp til topps.

– Det er eit heilt rått nivå akkurat no. Men eg veit eg har eit par meter til i kroppen, som eg skal prøve å få ut dei neste åra, sa han til statskanalen.

Han er stolt over eigen innsats, og har fått meir enn nok motivasjon til dei neste åras satsing.

Blei far – vil heim

Heime ventar uansett den største premien. Mardal blei nettopp far.

– No gler eg meg til å kome heim og vere pappa heilt og fullt. Ho er så lita at ho utviklar seg med stormskritt, så eg føler eg går glipp av alt. Det blir godt å kome heim og ikkje reise heile tida, seier han med eit smil til NRK.

– Thomas gjer ein fantastisk konkurranse. Vi håpa han kunne vere med å kjempe litt. Utruleg bra sleggekonkurranse, sa trenar Solberg til NRK.

Canadiske Ethan Katzberg vann med eit suverent kast på 84,70 meter.