Klokka 13:08 onsdag fekk politiet melding om båt med mogleg problem på Vangsvatnet.

– Det er ein god del vind og bølger på staden, og vanskeleg å få observasjon, opplyste operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen hjå Vest politidistrikt. 

Ein person vart plukka opp av vatnet av brannvernet, og vart frakta til Voss sjukehus, medan den andre vart meldt sakna.

Politiet seier det er snakk om to utanlandske turistar i 20-åra som har vore på Vangsvatnet i kajakk. 

Store ressursar vart kopla på redningsaksjonen.
Foto: Silje Stubø Solstad

Dei heldt fram med søk etter den andre personen.

Klokka 15:24 oppdaterer Dahl-Michelsen at dei framleis ikkje hadde funne personen.

Det pågjekk søk med mannskap i vatnet. Luftambulanse og redningshelikopter var også på staden. Hundar og drone vart også varsla.

Foto: Silje Stubø Solstad

Klokka 15.50 oppdaterte politiet at den andre personen var funnen, og frakta vidare til Haukeland sjukehus.

Ved Vinsand vart det gjennomført livreddane fyrstehjelp.

Like før klokka 16.30 opplyser politiet at redningsaksjonen vert avslutta.

– Det er ikkje opplysningar på at fleire er sakna, seier operasjoneleiar Bjarte Rebnord.

Det pågjekk søk på Vangsvatnet etter ein person som er sakna etter kajakkulukka. Her ved Kvåle kring klokka 15.30.
Foto: Silje Stubø Solstad

Stopp video