Debattinnlegg
Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Sunnfjord kommune vil selje areal ved Moskog til tomter for to datasenter. Dei to vil forbruke elektrisitet med effekt på rundt 95 megawatt. Det svarer til ei energimengde på rundt 830 millionar kWh kvart år. Dette er rundt 80 prosent av det som dei i si tid tenkte å få ut av Gaularvassdraget.
Dette er eit enormt tal for energi kasta vekk til ingen nytte for andre enn dei som ser fram til å tene grovt på å drive slike senter. Dei okkuperer store areal og sluker på lag uhemma av energi. Store mengder vatn sluker dei for å kjøle all teknikken. Varmen i vatnet går som regel til spille, også frå Moskog, med uklare konsekvensar for elvar og vatn.
Lokale arbeidsplassar var kanskje eit argument for nokre år sidan. Ein artikkel frå Statistisk sentralbyrå fortel no at selskapa raskt har rasjonalisert drifta nesten vekk frå innsats av menneske etter at bygginga er ferdig. Samfunnsnytten er langt mindre enn av tradisjonell, kraftkrevjande industri, skriv byrået. Teknologirådet seier det same. Inntekter av drifta tek eigarane med seg heim. Ni av ti selskap er utanlandske.
Teknikken skal først og fremst drive kunstig intelligens (KI) og gjere amerikanske oligarkar endå meir skadeleg rike. Regjeringa er så fjetra av det nye at dei vil sleppe utviklinga laus utan noko overordna styring. Statleg regulering vil hemme investeringane, heiter det frå den kanten. Som om Sunnfjord eller landet har nytte av investeringar utan å få igjen noko.
I den globale frihandelsøkonomien ser vi no ein meir intens kamp etter naturgode der dei enno er å finne, der Jorda ikkje er brukt opp. Sentrum leitar etter nye jaktmarker i periferien, utkantane. Under den globale liberaliseringa leverte politikken makta over til marknaden – utan vederlag. Noreg vart blinda av glansen på oljen og kledde seg om til nesten rein råvareleverandør.
For lenge sidan var refrenget at meir elektrisk kraft skulle berge klimaet. Det er slutt. Høgseteplassen har straum til umettelege datasenter fått. Dei er det motsette av klimatiltak. Eigarane og deira undersåttar er ute etter knappe naturgode, først av alt areal, energi, kjølevatn og ei rekkje metall jorda har lite av. Til saman handlar dette om å gjere store areal om frå grøne til grå og livlause. Åtvaringane mot slik intens utarming av naturen har kome i meir enn 50 år, stadig meir tydeleg og alvorleg. Dei utnyttande bryr seg aldri om slikt, og dei styrande tok på seg øyreklokker mot tonar dei ikkje likte. «La ødes, la gå til spille, den rike Jon Gynt holder gilde», skreiv Henrik Ibsen.
Utanlandske eigarar, ofte heilt ukjende for norske styresmakter, får forsyne seg utan vilkår av store mengder elektrisitet, areal, kjølevatn og andre gode. Kostnadene til større kraftliner for å få fram nok kraft, det skal norske straumkundar betale som rein forsorg til profitørane. Mangel på straum kalla tidlegare statsråd Karianne Tung eit problem for kraftforsyninga, ikkje for hennar felt. Dei som ser med berre eitt auge, misser lett perspektivet.
Våre elvar og landskap har frå før tapt mykje av sitt rike liv. Frå naturen er Noreg det mest varierte landet i Europa. Stortinget har fleire gonger vedteke å ta vare på våre kvalitetar. I praksis vinn jakta etter meir pengar nesten alltid. Naturen ligg att med djupe sår der livet har tapt. Og øydeleggingsevna veks. Ein dag er der ikkje meir å hente. Dette har folket sett, og sett seg opp mot naturdrapet. Til og med oljen, vår økonomiske flytevest gjennom 50 år, kan snart vere slutt, fortel Sokkeldirektoratet. Datasenter og kunstig intelligens har ingenting å setje i staden.
For 120 år sidan tok Stortinget styrande makt over vasskraftverka med heimfallsretten og skattlegging til lokalsamfunna og staten. Før oljetappinga kom i gang i 1970-åra hadde landet reglane klare for tildeling av blokker, høg skattlegging og mangt anna. Det fanst framtidsretta styringsvilje i landet. No går den ville kampen etter investeringar og store naturinngrep på sjølvstyr.
Teknologien har heilt sidan den industrielle revolusjonen hatt som rolle å ta arbeid frå folk. Den mekaniske industrien gav høg vekst og pengar til nye arbeidsplassar. No dalar nasjonalproduktet i den tradisjonelt rike verda her vest. Mange statar slit under tung gjeld. Dei som KI etter planen skal dytte ut av produksjonslivet og forvaltning, får ikkje nye alternativ å gå til. I hissigare kamp om krafta vil den eldre industrien og dei verdiskapande arbeidsplassane tape. Har det meining å satse milliardar på arbeidsløyse og kraftmangel?
Gledeleg nok har folk flest rundt om sett rovdrifta og skavankane. Protestane mot datasentera veks eksplosivt. Her heime er det berre tre av ti som vil ha meir av desse bastionane. I første rekkje står ungdomen med sin naturlege intelligens mot den syntetiske. I USA har oppstyret stansa hundrevis av planar. Staten New York sa blankt nei til nye senter av denne typen, i første omgang for eit år. Fleire andre statar syslar med same tanken. Sju av ti amerikanarar svarer at dei vil ikkje ha datasenter i sitt nærområde. I Wisconsin har Microsoft møtt søksmål fordi dei plagar folk med kraftig støy. Australia vil ikkje ha fleire senter enn dei treng sjølve. Der må eigarane sjølv skaffe kraft til drifta. Også selskapa bak KI-satsinga åtvarar no mot det ville tempoet. Eit program viste seg for usikkert til å sleppe det laust.
Attåt stort forbruk av areal, vatn og straum protesterer amerikanarane mot veksande CO₂-utslepp. Kol driv det meste av datateknikken i verda, med større utslepp enn all flytrafikk på Jorda. Utsleppa vert heller ikkje små hos oss. I Fyresdal byggjer dei eit stort senter. Det vil etter planen sluke ein million liter diesel i året. Utsleppa vert då 2600 tonn CO₂ årleg. Utstyret som skal handtere datamengdene må dei skifte med få års mellomrom. Svært lite av tungmetall og andre element kan dei bruke opp att. Det meste vert avfall. Eit slikt forbruk av råvarer, utnytta med stor innsats av fossil energi, let seg ikkje forsvare som ansvarleg.
I munter stemning kan vi òg kome av sjansen for økonomisk samanbrot i denne vill vekstbransjen. Mange trur den enorme bobla vil sprekke. Spørsmålet er ikkje om, men når, hevdar økonomar. Selskapa investerer svimlande summar i KI, men har ikkje klart å skaffe nok inntekter. Tilliten i marknaden vaklar, heiter det. Også Nicolai Tangen, sjef for oljefondet og KI-entusiast, seier at bobla vil sprekke. Det vert ein durabeleg smell.

Les også
Vil bygge datasenter på Moskog: – Kundane står i kø

Les også
Nordfjord-selskap tek over datasenterprosjektet på Moskog