Onsdag var mildt sagt ein hendingsrik dag for gruveselskapet ved Førdefjorden:

På føremiddagen annonserte dei at den einaste granatkunden dei har, Barton Group, bryt avtalen med dei.

Utover ettermiddagen kom meldinga om at regjeringa gir Nordic Mining mellombels løyve i tre år for deponering i Førdefjorden, etter at Høgsterett dømde løyvet dei hadde fått av norske styresmakter for ugyldig.

Like etterpå melde selskapet at administrerande direktør Finn Ivar Marum går på dagen.

Torsdag gjekk aksjen rett til vêrs på Oslo Børs. Den gjekk opp 50 prosent med éin gong. I skrivande stund, kl. 09.50, er aksjekursen opp 95 prosent.

Det skal seiast at kursen framleis er svært låg i forhold til tidlegare tider. Ein aksjar er no verdsett til 1,7 kroner. Ved inngangen til 2026 var den ope i 12 kroner. Då ein kom på børs i 2007, kosta ein aksje 123 kroner. Selskapet har gjennomført ei rekkje emisjonar.

For abonnentar

Les også

Nordic Mining-direktør går av

Les også

Naturvernarane: – Eit grovt brot på dommen frå Høgsterett

Les også

Gir nytt løyve i Engebø-saka

For abonnentar

Les også

– Det er veldig krevjande

Les også

Storkunde bryt med Nordic Mining

For abonnentar

Les også

Tingretten stoppa nye Førdefjorden-krav