Same dag som administrerande direktør Finn Ivar Marum slutta på dagen i Nordic Mining, kom også meldinga om at regjeringa har gitt grønt lys for at verksemda kan halde fram med fjorddeponering i tre år framover.
Det er Klima og miljødepartementet som har sagt ja til vidare utsleppsløyve, noko som betyr at det er fritt fram for Nordic Mining å deponere 4,5 millionar tonn gruveslam i Førdefjorden innanfor tidsrommet.
Ikkje uventa er reaksjonane frå Naturvernforbundet sterke. Dei meiner løyvet er i strid med Høgsterettsdommen frå i sommar, som kjende utsleppsløyva til Nordic Mining ugyldige.