(AVISA HORDALAND🙂 Det opplyser politiet.
– Avdøde er ein mann og politiet har ei formeining om kven han er, men han er ikkje formelt identifisert. Pårørande til mannen er informert om funnet av avdøde, opplyser kommunikasjonsdirektør Arne Lutro hjå Vest politidistrikt.
To personar involverte
Mannen er i 20-åra, og av utanlandsk opphav.
Det vart sett i verk ein redningsaksjon onsdag etter melding om ein person som klamra seg til ein kajakk i Vangsvatnet i 13-tida.
Store ressursar rykte ut, og etter den observerte personen vart plukka opp, vart det kjent at ein annan var med i fylgje.

Det vart søkt med båt, helikopter og på land.
Foto: Vidar Herre
Leita i fleire timar
I dei påfylgjande timane leita naudetatar og frivillige ressursar etter mannen som var sakna.
Litt før klokka 16 opplyste politiet at dei hadde gjort funn av ein person i vatnet, og sette i gang med livreddande fyrstehjelp.
Mannen vart vidare frakta til Haukeland sjukehus, men livet stod ikkje til å redda.

Mannen vart teken i land på Nesthus. Lege og naudetatar vart sendt til staden.
Foto: Vidar Herre
Etterforskar vidare
Politiet har oppretta sak etter kajakkulukka.
– Alle forhold rundt hendinga vil bli undersøkt og etterforska. Då undersøkjer me mellom anna kva vurderingar som vart gjort i forkant, kvifor dei tok ein padletur på Vangsvatnet denne dagen, seier politioverbetjent Bjørn Inge Aarsand.
No skal politiet prøva å finna så mange svar som mogleg.