Natt til fredag rykte politiet ut til ei trafikkulykke på riksveg 5 mellom Florø og Eikefjord.

Ein bil var køyrd inn i fjellvegg i Sundafjelltunnelen. Politiet var framme på staden etter 20 minutt. Då fekk føraren tilsyn av ambulanse. Han var vaken.

Ein passasjer skal ha dratt frå staden på eiga kjøl og oppsøkt legevakta.

Kl. 05.48 melder operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Dan Erik Johannessen, at vegen er rydda og bilen fjerna,

– Begge dei involverte er på legevakta for sjekk. Politiet melder bilføraren for aktlaus køyring og for å køyre utan gyldig førarkort, melder han.