(Firda)
Der har eit titals demonstrantar lenka seg fast til port og veg for å stanse verksemda til Nordic Mining fredag morgon.
Oppdatering: Politiet har starta med å fjerne demonstrantane. Nokre av patruljane avsluttar.

Les også
– Vi sit her så lenge det blir dumpa ulovleg
Natur og Ungdom har kome med om lag ti personar, mens politiet opplyser at det skal vere 20–30 demonstrantar på staden.
– Vi går i dialog med Nordic Mining, og så i dialog med dei som demonstrerer her. Mest sannsynleg blir dei bortviste ganske snart, seier innsatsleiar for Sunnfjord-politiet på staden, Ole Jørgen Eide.

Foto: Josefia Longva Danielsen
Politiet rykte ut med heile seks køyretøy.
– Det var på bakgrunn av informasjonen vi fekk frå Nordic Mining. Det handlar om tryggleik og å kunne sette i verk tiltak.
Demonstrantane driv med såkalla sivil ulydnad. Mange har opp igjennom dei siste åra blitt arresterte og fått bøter for demonstrering utanfor Engebø-prosjektet.
– Det er ein metode vi må forhalde oss til. Det er eit val demonstrantane her har gjort, kommenterer Eide til Firda fredag morgon.

Det har kome fleire til området som også får melding frå politiet om å flytte på seg.
Foto: Josefia Longva Danielsen
– Kva kan dei forvente seg frå politiet no?
– Vi skal snakke med dei og høyre kva for intensjonar dei har. Så får vi sjå.
– Viss dei nektar å flytte seg?
– Det må vi kome tilbake til då.

Les også
Naturvernarane: – Eit grovt brot på dommen frå Høgsterett

Les også
Gir nytt løyve i Engebø-saka

Les også
– Det er veldig krevjande

Les også
Storkunde bryt med Nordic Mining