Rundt klokka 01:30 natt til laurdag fekk inn melding om at ein person skal ha blitt slått og utsett for vald i Strandavegen på Voss.
– Ambulansen rykte ut, og melde tidleg frå om at dei trong hjelp av politiet. Det var ein uavklart situasjon på staden, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit hjå Vest politidistrikt.
Registert slag i magen
Politiet kom på staden rett etter, og fekk forklart at hendinga skal ha starta med leikeslåsting mellom to kameratar.
– Så skal vedkomande ha fått eit slag i magen. Han skal ha vore godt rusa, og det er opplyst at han ikkje var samarbeidsvillig, seier Kolltveit.
Han skal ikkje ha villa sagt til politiet kven den andre parten var.
Frakta til legevakta
Tenåringen skal ha blitt frakta til Voss legevakt med ambulanse.
– Då han vart sjekka på legevakta kom det fram at han også hadde fått eit slag i ansiktet og i kjeven. Ifylgje ambulansen var det ingen brot, seier Kolltveit.
Det vart ikkje automatisk oppretta sak etter hendinga, men tenåringen tek kontakt med politiet dersom han vil melda.
Les også
Stort forlik i betent sak: Vossaverksemder får elleve millionar og forkjøpsrett på eigedom

Les også
– Me skal prøva å finna så mange svar som mogleg

Les også
Vossing til topps i stort maraton: – Kan ikkje måla seg med noko anna!