Klokka 11.27 vart ein personbil stoppa i Gloppen etter tips om vinglete køyring på strekket Sandane til Byrkjelo.
Bilen var skildra å ha vingla over i andre køyrefeltet, og skal ved fleire høve nesten ha vore nedi grøfta.
Politiets operasjonssentral i Vest politidistrikt melder at dei har kontroll på føraren, og at dette er ein mann i 30-åra. Vedkommande skal elles ha vore åleine i bilen.
Mannen er no under mistanke for å ha køyrd rusa, ettersom han gav utslag på politiets måleapparat for narkorus. Han vert også teken til blodprøvetaking.
Operasjonssentralen skriv vidare at det også vart gjort funn av mindre mengder narkotika i bilen.