Frode døydde 18. september, 85 år gamal. Frode var ein god kamerat og ven.
Han var fødd og vaks opp på Vossevangen. Før han begynte på gymnaset var han elev på skuleskipet Christian Radich på tur til Amerika, og var seinare med på filmen som vart laga om dette toktet.
På gymnaset var han med i russerevyen og var russeformann for Vossarussen 1961. Han tok realartium som preseterist og begynte same haust å studera medisin ved Universitetet i Oslo. Saman med to frå same gymnasklasse var han ein del av vossagjengen på medisinkullet.
Etter turnusteneste i Mo i Rana vart han seinare spesialist i generell kirurgi etter teneste ved Rana sjukehus og Haukeland universitetssjukehus. I 1979 blei han avdelingsoverlege på kirurgisk avdeling, Rana sjukehus og i 1988 avdelingsoverlege på Longyearbyen sjukehus.
Etter fem år på Svaldbard gjekk turen attende til Rana sjukehus. På små sjukehus må ein dekkja heile fagfeltet ein har ansvar for, og ofte er det tidvis vakante stillingar slik at det blir lange vakter og travle dagar.
Frode var ein flink lækjar, og det står stor respekt av innsatsen han har gjort i sitt lange yrkesliv.
Frode var også politisk aktiv og medlem av Rana kommunestyre og Nordland fylkesting. På Svalbard var han medlem av Svalbardsrådet.
Frode stod for det nasjonale og var innvald medlem av Norsk Måldyrkingslag. Han var ein heidersmann. Eit høgdepunkt i året var jolabrevet frå Frode. Her kommenterte han på ein slagferdig måte det som hadde hendt i året som var gått både frå ein samfunnsmessig og politisk synsvinkel, ofte med små teikningar for å streka under poenga.
Våre tankar går til kona Anna Katrina (Tina) og deira 4 barn og 10 barnebarn.