Laurdag vart det sendt ut gult farevarsel om mykje regn for delar av Vestland og Rogaland. 

Frå og med søndag ettermiddag til morgontimane måndag har det kome opp mot 100 mm med nedbør, og nokre plassar 120 mm. Som følgje av dei store vassmengdene sende Norges vass- og energidirektorat (NVE) ut farevarsel for flaum og skred. 

Så langt har det ikkje gått noko skred i Sogn og Fjordane, opplyser Vegtrafikksentralen måndag morgon. 

– Vi får sjå om det skjer noko utover dagen, seier vakthavande trafikkoperatør. 

Men fv. 609 ved Heilevang, mellom Askvoll og Førde, er framleis stengd. 

I tillegg er ferjesambandet Måløy – Oldeide innstilt inntil vidare. Fjord 1 har også opplyst at det inntil vidare ikkje blir anløp Losna på ferjesambandet Rysjedalsvika – Rutledal – Krakhella. 

Tips oss gjerne om det skjer noko der du er!

Les også

Manuell dirigering i Halbrendslia frå søndag kveld

Les også

Stenger fv. 609 til tysdag