Vegen mellom Førde og Askvoll blir stengd ved Heilevang frå klokka 10.00 søndag føremiddag.
Grunnen er at det er meldt store mengder nedbør gjennom, opplyser trafikkoperatør Kristine Thorvaldsen Larsen på Vegtrafikksentralen.
Ifølge yr.no er det venta 26 millimeter nedbør gjennom søndagen, og 54 millimeter i løpet av måndag.
Det vil bli gjort ny vurdering av vegen klokka 09 tysdag morgon.