I forslaget til statsbudsjett foreslår regjeringa å auke prosentsatsen for eigenandel frå 10 til 20 prosent av gravferdsstønaden, skriv Grav24.
Det blir foreslått at endringa trer i kraft 1. januar 2027. Samtidig blir det foreslått at den behovsprøvde gravferdsstønaden blir auka frå 30.898 kroner til 37.000 kroner.
Bransjeleiar i Virke Gravferd Åse Skrøset er delt i synet sitt på budsjettforslaget.
– Vi er glade for auken av den behovsprøvde gravferdsstønaden, seier ho til Grav24.
– Men kritiske til auken på eigenandelen av båretransport, legg ho til.
Arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng grunngir innstramminga med ein kraftig vekst i utgiftene til båretransport, som har auka frå 187 millionar kroner i 2021 til 402 millionar kroner i 2025.
– Etterlatne vil med endringane ta ein litt større del av rekninga. Samtidig sørgjer vi for at dei som har minst å rutte med, kjem likt eller betre ut, uttaler Stenseng.
(©NPK)