Ti dagar før TV-aksjonen er det ein kraftig manko på bøssebærarar i Sogndal sentrum. Det kom fram då den lokale aksjonsgruppa hadde møte på kommunehuset torsdag.

– Me treng oppunder 100 bøssebærarar, og manglar 60-70, seier Irene Navarsete, som sit i gruppa saman med Evy Haug, Jorunn Fredheim og Gro Stenehjem.

Det er framleis ti dagar att, så det er lov å håpa at folk berre er seine på avtrekkaren.

– No har me sendt tekstmelding til alle som gjekk i fjor, og håpar at dei melder seg, seier Navarsete.

Ikkje aktuelt å gå digitalt

Om nokon har lyst til å prøva seg, er det best å registrera seg på nettsida til TV-aksjonen. Men ingen blir avvist om dei berre møter opp på aksjonsdagen.

– Andre plassar høyrer me dei har byrja med digitale børser. Det gav me beskjed om at ikkje ville ha, for dette er så kjekt å vera med på. Det er mange ungar som går rundt med bøsser saman med foreldra, til dømes. Det er ein tradisjon eg tykkjer me skal halda på. Alt skal ikkje gå over nettet, seier Navarsete.

– Dessutan får me inn meir pengar når folk går på dørene. 

I fjor vart det samla inn 271 millionar kroner til Atlas-alliansen. I år går TV-aksjonen til inntekt for Flyktninghjelpa.

– Det er ein kjempefin mottakar. Det er difor me stiller, fordi det går til ei god sak, seier Irene Navarsete.