Meiningar
Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Statsforvaltaren sitt høyringsutkast til Marin verneplan for Sognefjorden provoserer NHO-direktørar og ordførarar til brestepunktet.
Plutseleg hamna dei i populistfella og blir talsmenn for reindyrka FRP-politikk, der omsynet til naturen må vika for utvikling og «framsteg».
Ingen av dei bryr seg om å gå inn i faktadelen i høyringsutkastet, som på ein glimrande måte skildrar Sognefjorden sin helsetilstand. Situasjonen er så alvorleg at viss Statsforvaltaren skulle teke faktagrunnlaget på fullt alvor, er framlegga til vernetiltak så liberale at utgangspunktet for ein framtidsretta dialog om utviklinga i Sognefjorden, burde vera gode. Men, i staden blir det no ropa NEI, NEI og NEI.
I NRK Helgemorgen hevda NHO-direktør Sondre Olsen med største Sylvi Listhaug-kraft, at utkastet til verneplan vil, om tiltaka blir gjennomførte, gjera Sognebygdene om til museum. Han plasserer Ap-ordførarane frå Sogn som alibi for meiningane sine og overser totalt at Statsforvaltaren utfører oppdraget sit på vegner av regjering og storting.
Spørsmålet om Sognefjorden si framtid blir best ivareteke av kommunane, dei skal styre seg sjølv, noko dei har klart på ein god måte i alle år, hevdar direktøren.
Eg var så heldig å veksa opp i Fresvik på 1950 og 60-talet. Fjorden og livet på og i fjorden var sjølve navet i eit pulserande liv. Laksefisket med kilenøter starta 15. mai kvart år og var ei viktig attåtnæring for dei med lakserett omkring heile Fresvikbukta og innover mot Simleneslandet. Kvar einaste dag vart det landa kilovis med laks frå ein levande fjord.
Sommar og haust var brislingfiskarane eit årvisst innslag og skapte eit yrande liv på Fresvikbukta og i kai-området. Fiskereiskapen var kastenot for å omringa brislingstimane, før fangsten vart plassert i kvilenøter i påvente av at oppkjøpsbåten skulle komma.
Kvilenøtene tiltrekte seg rikeleg med torsk og pale. Me, ungane, festa robåten til kvilenota, stal agnsild på innsida og fiska store mengder fin kokefiskpå utsida.
Med robåt og ein liten Crescent påhengsmotor dorga eg etter aure langs Fresvikstrondi, via Mulakamben og til Simlenes. Mest på kvar tur var fangsten 2 -4 kg’s aure, nydeleg matfisk som tilskot til hushaldet.
Me fiska med line med 600 anglar frå den grunnaste delen av Fresvikbukta, til djupare parti lenger ut. Agnet var sjølvsagt fin brisling henta i kvilenota. Rikeleg med fleire typar fisk, ikkje minst flott djupvassfisk som brosme og lange.
I eit perspektiv på 50–60 år er Fresvikbukta i dag så godt som død. Det same gjeld store deler av fjorden frå ytst til inst. Eg er ikkje biolog eller har anna marin kompetanse, men eg forstår såpass, m.a. ved å lese faktadelen i Statsforvaltaren sitt høyringsutkast, at situasjonen er kritisk, m.a. ved at det livgjevande oksygennivået har sokke med 15 % sidan 1970, og at oppvarminga er faretruande, saman med ein sterk auke i tilførsel av organisk materiale og næringssalt som gjødslar fjorden. At fjordbotnen på ulike stader blir teppelagt med deponering av tunnelmassar og anna avfall, er med å forsterke ei urovekkjande utvikling.
Eg har ikkje svar på korleis næringsutvikling og omsynet til ein berekraftig balanse med naturen (Sognefjorden) skal harmoniserast, men ein god stad å byrje er å møta høyringsutkastet frå Statsforvaltaren med ope sinn.
Då kan me kanskje møte framtida med nye løysingar, innovasjon og ny teknologi.

Les også
Irettesette ordførarane i Sogn: – Det er ikkje berre gamle synder

Les også
Vern eller ikkje vern: Meiner ordførarane set næring over natur

Les også
Fann felles grunn om vern: – Eg er skeptisk

Les også
Dreg i bremsen for datasenter – kallar inn til folkemøte

Les også
– Dei tek makt frå oss, frå lokaldemokratiet. Det er ikkje tillit til at me greier å ta vare på fjorden

Les også
Forslag om vern langt opp i fjøresteinane: – Snart berre me lustringar som ikkje er verna

Les også
Fryktar konsekvensane av vern: – Dei kjem og skal overtyda oss. Noko eg ikkje har så veldig tru på