Politiet har fått melding frå ein person som observerte det som kan ha vore eit innbrot mot eit firma i Hornnesvika i Førde.

Det opplyser Ingrid Teigland Tepstad, operasjonsleiar i Vest politidistrikt, til Firda.

Politiet har rykt ut til staden for å undersøkje om dei finn nokon som passar med beskrivinga.

Klokka 13.30 opplyser Teigland Tepstad til Firda at det truleg ikkje dreia seg om eit innbrot. 

– Vi fann ikkje noko som tilsa eit innbrot. Det verka heller som at ein person skal ha gått feil, seier ho.