Meiningar

Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

For snart tjue år sidan sa Sogndal nei til cruisekai. Argumenta handla om natur, landskap og kva slags utvikling ein ønskte for fjorden. No er forslaget tilbake, og denne gongen blir det presentert som ei løysing på utfordringane i Sogndalsfjøra.

Eg forstår ønsket om meir aktivitet. Eg forstår ønsket om fleire arbeidsplassar. Men eg er ikkje overtydd om at cruise er svaret.

Det som slår meg i debatten, er at dei sterkaste argumenta for ein cruisekai i Sogndal ofte handlar om heilt andre stader enn Sogndal.

Det blir vist til Fjærland, Norsk bremuseum, Bøyabreen, Jostedalsbreen, Urnes stavkyrkje, Jotunheimen og ei rekkje andre attraksjonar. Sogndal skal vere ein inngangsport til regionen.

Då melder det seg eit naturleg spørsmål:

Har nokon spurt dei som faktisk skal ta imot turistane?

Har ein snakka med næringslivet i Fjærland? Med innbyggjarane i Jostedalen? Med folk i Luster og kring Urnes? Er dei interesserte i fleire tusen cruiseturistar? Eller ønskjer dei heller fleire gjester som kjem på eiga hand, blir lenger og legg meir pengar att lokalt?

Desse stadene er ikkje berre attraksjonar på eit kart. Dei er levande lokalsamfunn som skal leve med konsekvensane lenge etter at skipet har lagt frå kai.

I kommentarfeltet til Sogn Avis sette Rikke Vidde Westvig ord på noko eg meiner treff kjernen i denne debatten. Ho peika på at Sogndal ligg omgjeve av destinasjonar som allereie har sterke attraksjonar og etablerte reiselivstilbod. Samstundes stilte ho spørsmål ved kor mykje cruise faktisk legg att lokalt samanlikna med belastninga på natur, infrastruktur og lokalmiljø.

Det er spørsmål som fortener meir enn slagord om vekst.

Cruisetilhengjarane snakkar mykje om verdiskaping. Det bør dei. Men då må me også snakke om kor verdiskapinga hamnar.

Viss turistane går i land i Sogndal, set seg på buss og reiser vidare til Fjærland, Jostedalen, Luster eller andre delar av regionen før dei returnerer til skipet, kor mykje blir eigentleg att i Sogndalsfjøra? Og kor mykje av belastninga blir flytta til andre bygder?

Det er også verdt å minnast kva som vart sagt då cruisekai vart vurdert sist. I 2008 peika Ståle Brandshaug ved Høgskulen i Sogn og Fjordane på at cruisemarknaden var i vekst, men at ei slik satsing kravde store investeringar. Samstundes konkluderte han med at det ikkje var pengar nok til at både Sogndal og Skjolden kunne byggje opp konkurrerande tilbod.

Den siste setninga er like interessant i dag.

For spørsmålet er ikkje berre om Sogndal kan få cruise. Spørsmålet er om regionen er tent med å byggje opp endå ein cruisedestinasjon når Skjolden allereie har etablert seg i denne marknaden. Kva blir konsekvensane for ressursbruk, investeringar og prioriteringar i heile Sogn?

Samstundes er det verdt å merke seg at argumentasjonen for cruisekai i stor grad byggjer på attraksjonar og opplevingar utanfor Sogndal. Turistane skal vidare til breen, til Fjærland, til Jostedalen, til Jølster og til andre reisemål i regionen.

Då blir det også naturleg å stille spørsmål om kven som står til å tene på denne utviklinga.

Dersom aktørar som arbeider for cruisekai i Sogndal samstundes har eigarinteresser i reiselivsprosjekt som kan få fleire kundar gjennom auka cruisetrafikk, er ikkje det nødvendigvis kritikkverdig. Men det er relevant informasjon i ein offentleg debatt.

For då handlar ikkje cruisekai berre om utvikling av Sogndalsfjøra.

Då handlar det også om å skape trafikkgrunnlag for investeringar som allereie er gjorde andre stader i regionen.

Når nokon argumenterer for at cruisekai vil skape aktivitet i alt frå Fjærland og Jostedalen til Jølster, er det heilt legitimt å spørje om dette berre handlar om regional utvikling, eller om det også handlar om å styrkje marknadsgrunnlaget for eksisterande reiselivsinvesteringar.

Det er ikkje noko gale i å investere i reiselivet. Men openheit er avgjerande. Innbyggjarane har krav på å vite kven som kan få økonomiske gevinstar dersom planane blir realiserte.

For det er lett å snakke om kva cruise kan gje av inntekter.

Det er mindre snakk om kven som skal betale rekninga dersom forventningane ikkje slår til.

Det er lett å snakke om verdiskaping.

Det er mindre snakk om kven som skal handtere trafikken, presset på naturen, fleire bussar på smale bygdevegar og konsekvensane for lokalsamfunn som kanskje aldri har bedt om denne utviklinga.

Difor handlar denne debatten om meir enn ein kai.

Han handlar om kven som set premissane for utviklinga av Sogn.

Er det lokalsamfunna som skal få definere kva slags reiseliv dei ønskjer? Eller skal resten av regionen først og fremst fungere som utfluktsmål for passasjerar som kjem i land frå eit cruiseskip i nokre få timar?

I den nye satsinga blir spørsmålet stilt slik:

«Har me råd til å seie nei?»

Eg meiner det først finst eit viktigare spørsmål:

Har me råd til å seie ja før heile regionen har fått vere med på diskusjonen?

For dette handlar ikkje berre om ein kai i Sogndal.

Det handlar om kva slags Sogn me ønskjer å overlate til neste generasjon.

Vil du sjå neste video?


Her står den utbrente elbilen0:38

Les også

Lokale aktørar vil ha cruisekai i Sogndal: – Har me råd til å seia nei?