Kommentar
Dette er ein kommentar, skriven av ein redaksjonell medarbeidar. Kommentaren gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Eg er 34 år og trur knapt eg har sendt eit brev i heile mitt liv. Med atterhald om nokre postkort frå Syden som born på 90-talet.
I år 2000 vart det sendt 2,5 milliardar brev i Noreg. I år sender me ein tidel av dette.
Frå eit bedriftsøkonomisk perspektiv gir Ap-regjeringa sitt forslag om omfattande kutt i Posten 100 prosent meining. Dei vil spara 1,5 milliardar kroner på å berre la Posten levera brev éin dag i veka, i staden for annankvar dag som no.
Det finst nok av ting 1,5 milliardar skattekroner kan brukast på i staden.
Så lenge pakkeleveringa held fram som normalt og alt anna føregår digitalt, er dette noko så sjeldan som eit stort kutt dei fleste av oss knapt kjem til å merka.
Andre igjen kjem til å merka det veldig. Først og fremst dei 2000 menneska som risikerer å mista jobben i Posten. Men i Noreg får folk seg som regel ny jobb.
Nettopp difor bør dette helst vera gjennomtenkt. Når postrutene først er lagde ned og dei tilsette har funne seg noko anna å gjera, er det ikkje berre å skru tenestene på att, skulle det koma ein dag me oppdagar at me treng dei.
Kor sårbare skal me gjera oss?
Me lever i usikre tider. Sikkerheitspolitisk har ikkje kartet sett verre ut sidan me frigjorde oss frå Nazi-Tyskland og 2. verdskrig tok slutt i 1945.
Me brukar enorme summar på å rusta landet vårt for kriser, hybrid krigføring og i verste fall krig. Kommunane blir bedne om å ha beredskap for straumbrot, digitale åtak og andre skremmande hendingar. Statsministeren har sagt at me må vere førebudde, utan at eg trur så mange av oss anar kva det inneber i praksis.
At digitale system kan bli slått ut i kortare eller lengre tidsrom er ikkje lenger eit hypotetisk scenario. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap har tidlegare peika på at det landsdekkjande postnettet me har kan spela ei viktig rolle dersom digital kommunikasjon sviktar.
Men akkurat no skal me altså byggja ned denne infrastrukturen.
Torsdag denne veka førte ein teknisk feil hos Telenor til at svært mange nordmenn ikkje kunne ringa kvarandre i rundt tre timar. Folk kunne heller ikkje ringe naudnummer.
Eg sat på ein kafé då feilen oppstod, og det var fascinerande å observera kor stressa folk vart av at ein ikkje kunne gjera noko så daglegdags som å ta eller motta ein telefon. I eit par timar.
Kva viss mobilnettet forsvann i dagevis, Facebook og nettaviser gjekk ned, BankID slutta å verka og straumen var borte så me ikkje fekk lada noko som helst.
Ein ting er at folk hadde fått panikk. Ein annan ting er korleis stat, fylke og kommunar ser for seg å kommunisera med innbyggjarane sine i ein vedvarande krisesituasjon.
Alle har ikkje ein telefon som plingar
I ein normalsituasjon kjem mange av oss som sagt ikkje til å merka dette kuttet.
Men ikkje alle har ein smarttelefon med pushvarsling, nettaviser, nettbank og e-post. Me i Sogn Avis sender framleis ut over 2000 papiraviser kvar tysdag og torsdag, og ein del av mottakarane er ikkje på nett i det heile.
Digdir på Leikanger har anslått at 850.000 nordmenn er såkalla digitalt sårbare, om ikkje direkte hjelpelause.
Hadde eg vore ein av desse og fått vita at posten no skal koma ein dag i veka i staden for annakvar dag, hadde eg ikkje følt meg meir inkludert i samfunnet.
I ein festtale om beredskap kunne mang ein politikar ha fått seg til å seia at samhaldet og tilliten mellom oss er Noregs viktigaste forsvar.
Det er eit paradoks.

I 2021 fortalde Sogn Avis om postbodet Edith Halset i Vik. Ein institusjon i Posten sidan 1981. Nedst i kommentaren finn du lenke til reportasjen.
Foto: Cecilie Skogheim
Posten 2.0
Dei same politikarane har også oppdaga at folket deira lever stadig lengre. Noko som er koseleg, men dyrt. Difor er dei opptekne av at fleire må bu heime lenger, og spara kommunane for pengar.
Posten har noko mange offentlege aktørar ikkje har. Dei har folk, bilar og lokalkunnskap som når fram til dører det aldri vil vera kommersielt lønsamt å køyra til.
Denne infrastrukturen bør kunne brukast til meir enn å levera konvoluttar?
Posten og kommunesektoren har alt prøvd ut ei ordning kalla «På dørterskelen» enkelte stader i landet. Ei ordning der eldre får tilbod om å få post og informasjon frå kommunen levert på døra.
Postbodet skal sjølvsagt ikkje overta jobben til heimesjukepleia. Men ein person som kjem innom med informasjon, veit kven som bur der og kan vera eit bindeledd til det offentlege Noreg og storsamfunnet skal ein ikkje kimsa av.
Særleg i regionar der avstandane er store og stadig fleire eldre skal klara seg i eigen heim. Som her i Sogn.
KS meiner ordninga bør innførast som eit nasjonalt forsøksprosjekt, men regjeringa vil ikkje.
Ein bedriftsøkonom vil sjølvsagt aldri sjå verdien av noko slikt, men ein samfunnsøkonom bør gjera det. Og det er tilfeldigvis akkurat det finansminister Jens Stoltenberg er.
Før me byggjer ned ein infrastruktur me aldri får bygd opp att, bør staten ta seg tid til å tenkja heilskapleg om beredskap, fellesskap og informasjon.
Kanskje kan ein slik prosess enda med at Posten får eit nytt samfunnsoppdrag tilpassa tida me lever i, heller enn å verta avvikla slik mange kjenner den.

Les også
2000 kan miste jobben: – Det gjør meg sint!

Les også
Irritert over at pakkar må via Oslo: Posten brukte ei veke frå Loen til Leikanger

Les også
Edith har jobba mange julaftnar for å få fram juleposten