Klokka 17.59 melder 110 Vest om ei trafikkulykke på ved Leversund i Gulen.
– Ein bil skal ha køyrt ut av vegen, melder Tore Fanebust, vaktkommandør i 110 Vest.
Politiet opplyser at hendinga skal ha skjedd i forbindelse med rygging.
– Bilen har rulla ned ei skråning og står no på hjula, melder Dan Erik Johannessen i Vest politidistrikt.
Det skal vere to personar i bilen, begge er ute. Det er ikkje meldt om personskade.
Politiet kom fram til staden klokka 19.15, og då hadde vedkommande, som truleg var sjåfør, gått frå ulykka.
Kort tid etterpå gjorde politiet funn av hen utandørs.
– Helsesjekken gjorde at vi har tilkalla luftambulansen, seier operasjonsleiar Dan Erik Johannessen.
Politiet er framleis på staden for å gjere undersøkingar. Dei mistenker alkoholpåverknad.
Føraren er frakta til Haukeland universitetssjukehus.