Måndag ettermiddag blei politiet varsla via AMK om funn av ein person i Gloppefjorden ved Sandane.

NRK melde om dødsfallet først.

Forbipasserande skal ha varsla, fått vedkomande på land og starta hjarte- og lungeredning, opplyser politiet.

– Lege og ambulanse kom til, men livet sto ikkje til å redde, melder operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Jan Børge Misje, måndag kveld.

Det skal vere ein mann i 80-åra som har omkome. Han blei funne i nærleiken av ein båt han eig.

Dei pårørande er varsla. Mannen vil bli obdusert, melder Misje.