Konserten er ein del av jubileumsturneen som markerer ti år sidan hans første turné som soloartist, står det i ei pressemelding som kom måndag.

«Publikum på Husnes får høyra eit repertoar som spenner frå sarte balladar til energiske bandlåtar. Etter åtte plater og hundrevis av solokonsertar, samlar Janove bandet til det han omtalar som sin største soloturné hittil», står det.

På programmet står låtar frå band-albuma «Det Sorte Karneval» og «Verden Går Til Helvete», samt pianoalbuma «Bak En Sky Heim» og «En Større Dag». Repertoaret vert òg krydra med eit par favorittar frå «Hver gang vi møtes» og Kaizers Orchestra, står det i pressemeldinga.

Med på scena er Micke Lohse på tangentar og Mattias Hellberg på elgitar, som begge har vore med sidan den første soloturneen i 2017. Pål Hausken speler trommer, medan Janove sin mangeårige makker frå Kaizers Orchestra, Øyvind Storesund, speler kontrabass.

Janove og band kjem til Husnes i april. Her frå ein av konsertane i Riddersalen til Baroniet Rosendal i juli.
Foto: Mona Grønningen