Søndag kveld klokka 17:59 melder vaktleiar i 110-sentralen Tore Fanebust om ei trafikkulykke ved Leversund, nord for Dalsøyra i Gulen. 

– Ein bil har køyrt ut av vegen, skriv Fanebust. 

To personar var i bilen på ulykkestidspunktet. 

– Ikkje meldt om personskadar. Brannvesenet er på veg til staden.

I ei melding frå Vest politidistrikt klokka 18:05 skriv operasjonsleiar Dan Erik Johannessen at bilen har hamna utfor vegen i samband med rygging. 

– Rulla ned ei skråning. Står no på hjula.

Operasjonsleiar Johannessen skriv at begge personane er vakne og ute av køyretøyet. 

Frakta med luftambulanse til sjukehus

I ei oppdatering frå Vest politidistrikt klokka 20:17 melder operasjonsleiar Johannessen at føraren av bilen er frakta til Haukeland universitetssjukehus med luftambulanse. 

Klokka 20:30 opplyste han NH om at føraren var skadd nok til at det var naudsynt å frakte vedkommande til Haukeland universitetssjukehus med luftambulansen. Han kunne ikkje uttale seg noko meir om helsetilstanden til føraren utover dette. 

Han kunne derimot fortelje at føraren av bilen ikkje var å finne ved ulykkesstaden då naudetatane kom fram.

– Politiet rykte ut ifrå Knarvik, og brukte ei stund ut til staden. Patruljen gjorde funn av vedkommande ikkje så alt for lenge etter at dei kom fram, seier operasjonsleiar Johannessen til NH.

Dei fann vedkommande utandørs i nærområdet. 

Politiet mistenkjer ruspåverka køyring. 

– Vi har ikkje tatt blåseprøve. Vi vil følge opp bevissikringa i Bergen. 

Då avisa snakka med Johannessen var politiet framleis på staden for å følge opp hendinga.