Meiningar

Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Kinn kommune har vedteke å leggje ned Krokane skule og samle elevane på ein utvida og fornya Florø barneskole. Det var ein krevjande prosess for mange. Vi som foreldre har teke vedtaket inn over oss, fordi vi fekk ein lovnad om at barna skulle få ein god, moderne og framtidsretta skule. No føreslår kommunedirektøren å nedskalere prosjektet kraftig for å spare pengar. Det kan vi ikkje akseptere i stillheit. 

Vi forstår at kommuneøkonomien er stram. Skulen har sjølv heile vegen vore oppteken av å halde kostnadane nede. Men det som no blir føreslått, er ikkje små justeringar. Kutta endrar kva slags skule barna våre får dei neste 50 åra. Den planlagde skulen var ein viktig del av grunnlaget for å samle skulane. Når kommunen no vil redusere prosjektet, må det kunne dokumenterast at behova til elevane framleis blir tekne vare på på ein likeverdig måte. Kva er endra i vurderinga av behova til skulen sidan prosjektet vart planlagt?Er skulen dimensjonert for elevane som skal gå der?

Det er ikkje nok å rekne ut kor mange elevar ein får plass til i eit klasserom. Ein må også sjå på korleis romma fungerer i praksis. Elevane treng plass til variert undervisning, leik, gruppearbeid og individuell tilrettelegging. Når elevtalet aukar, medan planlagde areal og funksjonar blir reduserte, må kommunen kunne dokumentere at skulen framleis har god nok kapasitet. Vi etterlyser ei open og etterprøvbar vurdering av elevtal, klassestorleikar, romkapasitet og pedagogiske behov i dei reviderte planane.

Kva tapar vi?

Viss tilbygget blir kutta, mistar skulen rundt 600 kvadratmeter. Det rammar dei om lag 340 elevane og 90 tilsette som skal bruke denne delen av skulen. Skulen mistar minst eitt, kanskje to spesialrom, til dømes musikkrom og naturfagrom. Rommet for forsterka norskopplæring forsvinn, og det blir færre møterom og mindre lager. I tillegg skal vindauga i storskulen ikkje skiftast, sjølv om dei har mykje å seie for inneklimaet og må skiftast før eller sidan uansett.

Nasjonal utdanningspolitikk peikar tydeleg mot ein meir praktisk, utforskande og elevaktiv skule, mellom anna i Stortingsmelding 34 (2023–2024) En mer praktisk skole. Stortingsmeldinga Fellesskolen – bærebjelken i framtidens samfunn, som kom i august, understrekar kor viktige dei fysiske rammene er for ein god fellesskule. Ulike arbeidsformer krev ulike læringsarenaer, og eit fellesskap krev stader der større grupper kan møtast.

Ein skule for alle elevane

Ein framtidsretta skule må også ha plass til elevane som treng noko meir eller noko anna enn ordinær klasseromsundervisning. Tilpassa opplæring, særskild språkopplæring, lesetrening, skjerming og spesialpedagogisk tilrettelegging krev ofte eigna rom og mindre læringsgrupper. Når grupperom, spesialrom og støtteareal blir reduserte, må vi spørje kva det vil bety for elevane som har størst behov for tilrettelegging.

Grupperom og tilrettelagde areal er ikkje tillegg ein kan kutte når budsjettet blir stramt. Dei er nødvendige for at alle elevar skal få eit forsvarleg og likeverdig skuletilbod. Inkludering handlar ikkje berre om å høyre til i ein klasse. Det handlar også om fysiske rammer som gjer det mogleg å delta og meistre skulekvardagen.

Alternative bygg må fungere i skulekvardagen

Kommunen vurderer å bruke mellom anna Prestegarden og andre eksisterande lokale som alternative læringsarenaer. Det kan vere positive supplement, men dei kan ikkje utan vidare reknast som likeverdige erstatningar for rom på skulen. Når undervisninga skal flyttast mellom ulike bygg, må ein ta omsyn til gangtid, tilsyn, universell utforming, tilgang til utstyr og kor ofte romma faktisk er ledige. 

For dei yngste elevane og elevar som treng ekstra tilrettelegging, kan slike overgangar vere særleg krevjande. Vi etterlyser difor ei konkret vurdering av korleis desse løysingane skal fungere gjennom ein vanleg skuledag, og kva dei vil krevje av bemanning og ressursar.

Like krav til Florø barneskole og Skram skole?

Skram skole skal byggjast for rundt 350 millionar kroner, med plass til om lag 250 elevar. Florø barneskole skal ta imot nærare 600 elevar og ha rundt 100 tilsette, med ei kostnadsramme på 250 millionar. Nesten 50 millionar av dette går til etterslep på vedlikehald. Vi unner Skram ein god skule, men skeivfordelinga er stor. Kuttar ein no i Florø, blir den endå større. 

Vi vil difor spørje: Har kommunen like høge krav til kvalitet, læringsmiljø og framtidig kapasitet ved begge skulane?

Ein skule for framtida

Skulen skal stå i minst 50 år til. Det vi byggjer no, avgjer kva pedagogikk lærarane kan drive i ein generasjon framover. Vi må også byggje ein skule som er attraktiv for dei tilsette. Kampen om kvalifiserte lærarar har berre så vidt starta.

Til politikarane i Kinn: Barna frå Krokane og Florø har allereie gitt mykje i denne prosessen. De har lova ein god, moderne og framtidsretta skule. No må de levere på den lovnaden. 

Gi barna i Florø den skulen dei vart lova, og den skulen dei fortener.