Tysdag morgon har aktivistar frå Extinction Rebellion trappa opp på Engebø, for å halde fram aksjonen mot Nordic Mining. 

Dei hevdar å ha stansa transportbandet, og dermed innmatinga av malm til fabrikken, og at hovudporten er stengt for all trafikk. 

Aktivistane har lenka seg fast.

Dette skjer på same dag som Nordic Mining held ekstraordinær generalforsamling for å vurdere vidare drift. 

Les også

Produksjonshopp for Nordic Mining. Tysdag er skjebnedagen

Tone Løtuft, kommunikasjonssjef i gruveselskapet, seier at aksjonistane ikkje har stansa transportbandet.

– Vi visste at dei kunne komme, og har fått planlagt litt kring det ved å tilpasse vedlikehaldet, seier ho til Firda.

Det er heller ikkje slik at dette bandet er i drift kontinuerleg. 

Nordic Mining har bede politiet om å vurdere situasjonen, og stolar på at dei gjer jobben sin.

Løtuft seier at aktivistane sat ved porten tidleg på morgonen, men slapp då forbi leveransar og tilsette inn. Det er godt mogleg dette har endra seg, og at porten faktisk no er stengt for trafikk.

Dette får ikkje konsekvensar for det ekstraordinære generalforsamlinga då det skjer digitalt.