Meiningar

Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Torsdag skal formannskapet ta stilling til framtida til Florø barneskole. På bordet ligg planteikningar, rapportar, kostnadsrammer og tekniske vurderingar. Men bak alle dokumenta finst det noko som ikkje kjem fram på ei teikning: Barna som skal gå på skulen.

Kvifor hastar det så mykje?

Den 30. september fekk FAU skriftleg beskjed om at prosjektet framleis var under arbeid, og at det var for tidleg å forskottere ei løysing. Under to veker etter at prosjektet vart omtalt som uavklart, blir politikarane bedne om å godkjenne eit omfattande og revidert avgjerdsgrunnlag.

Den raske framdrifta gir inntrykk av at målet er å få løysinga vedteken før dei folkevalde og andre berørte partar har fått reell tid til å forstå kva som er endra, og kva konsekvensar endringane får.

Ein stram tidsplan og ei fast kostnadsramme kan ikkje få presse fram ei løysing før dei pedagogiske og praktiske konsekvensane er forståtte. Då risikerer politikarane å vedta det prosjektet som er raskast å gjennomføre, ikkje den skulen barna og dei tilsette vart lova.

Tidslinja gir grunn til å spørje om det har vore tilstrekkeleg tid til å vurdere og kvalitetssikre løysinga, ikkje berre teknisk og økonomisk, men også pedagogisk og praktisk.

Saka vart ikkje realitetsbehandla i oppvekst- og kulturutvalet. Likevel skal formannskapet etter planen ta stilling til prosjektet torsdag. Når avgjerda skal forme kvardagen til fleire hundre barn og tilsette i kanskje 50 år, er det både nødvendig og ansvarleg å bruke meir tid dersom avgjerdsgrunnlaget ikkje er godt nok.

Kven står bak den faglege semja?

Kommunen viser til at det er brei fagleg semje om at løysingane er gode. Samtidig går lærarar, tillitsvalde, fagforeiningar og foreldre offentleg ut og uttrykkjer alvorleg bekymring.

Kommunen seier no også sjølv at skulen ikkje er fullt ut nøgd, at løysinga ikkje er optimal, og at ho berre «stort sett» tek vare på behova til skulen. Det blir også peikt på at amfiet, lærarrommet og inngangspartiet er for små, og at det er uro for trengsel i gangar og trappeløp.

Då må ein spørje: Kven omfattar denne faglege semja? Kva fagmiljø har vurdert løysinga, og kva delar av prosjektet er det semje om?

Når dei som skal arbeide i bygget, og dei som skal sende barna sine dit, teiknar eit så annleis bilete enn kommunen, bør politikarane og kommunen stoppe opp og spørje seg:

Har vi fått alle svara?

Forstår vi konsekvensane godt nok?

Ein stor skule kan gi gode føresetnader for læring, trivsel og sterke fagmiljø. Men generell kunnskap om skulestorleik dokumenterer ikkje at den konkrete løysinga for Florø barneskule vil fungere godt etter at prosjektet er redusert.

Då prosjektet vart planlagt, vart det lagt til grunn behov for grupperom, spesialrom, fellesareal, støttefunksjonar og eit uteområde med plass til variert leik og aktivitet. Etter at prosjektet vart redusert, er det gjort ei ny pedagogisk funksjonsvurdering som dokumenterer at desse behova framleis blir dekte?

Ei planteikning viser ikkje skulekvardagen

På ei planteikning får alle elevane plass. Men ei planteikning viser ikkje korleis kvardagen blir for barnet som treng ro for å lære.

Ho viser ikkje korleis lærarane skal dele klassar på nærare 30 elevar når fleire elevar treng ekstra oppfølging samtidig og det berre er eit grupperom tilgjengeleg.

Ho viser ikkje korleis skulen skal skape fellesskap når aulaen forsvinn.

Ho viser ikkje korleis over 300 barn skal finne leik, aktivitet og tilhøyrsle i eit uteområde som framleis i stor grad består av asfalt.

Eit uteområde med få aktivitetar og leikesonar legg eit større ansvar på barna sjølve for å finne noko å gjere og kome inn i leik. Det kan vere særleg krevjande for barn som strevar med å ta kontakt eller finne sin plass i fellesskapet.

Ei planteikning viser heller ikkje korleis skulen skal møte behova til dei barna som treng mest støtte.

Gode klasserom er viktige, men dei er ikkje tilstrekkelege åleine. Grupperom, spesialrom, fellesareal, god elevflyt og gode uteområde er alle delar av det samla læringsmiljøet.

Tek vi oss eigentleg tid til å gjere dette skikkeleg?

Dette handlar ikkje om å stoppe prosjektet. Det handlar om å gjere det skikkeleg.

Ein tidsfrist kan ikkje få presse fram eit vedtak om ei redusert løysing før konsekvensane er forståtte. Dersom valet står mellom å halde framdriftsplanen og å sikre ei løysing som fungerer godt for elevar og tilsette i fleire tiår, må kvaliteten vege tyngst.

Konsekvensane av ei mangelfull løysing må barn og tilsette leve med kvar einaste dag. Det som blir spart i tid og pengar no, kan bli langt dyrare å rette opp seinare.

Politikarane er våre folkevalde. Vi ber dykk lytte til innbyggjarane som har valt dykk, ta dykk tid til å forstå konsekvensane og krevje ei løysing som fungerer for barna og dei tilsette.

Ordføraren har tidlegare sagt at kommunen skal finne meir pengar dersom det er nødvendig. Når løysinga som no ligg føre, blir omtalt som «levbar» framfor optimal, må politikarane ta stilling til om den økonomiske ramma faktisk er god nok til å gi barna den framtidsretta skulen dei vart lova.

Be om dokumentasjon på den faglege semja. Be om den pedagogiske vurderinga av den reduserte løysinga. Be om svar på spørsmåla som framleis står opne.

Det er lett å vedta ei planteikning. Det er mykje vanskelegare å vedta ein god skule. Politikarane må sjå barna bak planteikningane før dei stemmer.