– Førdefjorden skal fyllast med over fire millionar tonn gruveavfall dei neste tre åra. Men korleis er det mogleg når Høgsterett har avgjort at staten tok feil då dei gav løyve til sjødeponi?
Slik opna programleiar Johannes Irgens Herlofson torsdagens utgåve av «Politisk kvarter» på NRK.
I studio møttest klima- og miljøminister Sigrun Aasland (Ap), leiaren i Natur og Ungdom, Sigrid Hoddevik Losnegård, og SV-politikar Lars Haltbrekken. Debatten blei raskt oppheta.
– På lag med begge
Programleiaren teikna opp eit skilje mellom dei to sidene i konflikten: På den eine sida demonstrantar i ullgenserar som lenkjer seg fast, på den andre folk i blanke sko som forsvarar gruvedrifta.
– Kven er du på lag med? Dressjakkene eller ullgenserane? spurde programleiaren miljøministeren.
– Eg er på lag med begge to, svara Aasland.

VIKTIGE MINERAL: Klima- og miljøminister Sigrun Aasland (Ap) peika på verdas mineralbehov.
Foto: Skjermdump NRK
Ho vedgjekk at gruvedrift påverkar naturen, men viste samtidig til mineralbehovet i verda.
– Det er ei komplisert sak. Men det er heller ingen tvil om at verda treng mineral, sa ho.
– Vi følger opp Høgsterett
Eit sentralt tema i debatten var korleis regjeringa kan opne for vidare dumping i Førdefjorden etter at Høgsterett har kjent det opphavlege løyvet ugyldig.
Programleiaren spurde kvifor Arbeidarpartiet overser dommen.
– Kvifor «drit du i det Høgsterett har sagt»?
– Det gjer eg absolutt ikkje! Vi følger opp Høgsterett. Men det er viktig å sjå kva dommen faktisk seier, svara Aasland.
Ho viste til at Høgsterett kom fram til at løyvet frå 2016 til å dumpe 170 millionar tonn gruveavfall bygde på ei feil tolking av vassforskrifta.
– Så seier også Høgsterett at saka må vurderast på nytt, og det gjer vi no, sa ministeren.
– Det er heilt sjukt
I sendinga vert det også spelt av eit tidlegare intervju med jusprofessor Hans Petter Graver ved Universitetet i Oslo. Han var svært kritisk til regjeringa si handtering av saka.
Graver meiner regjeringa har leita etter smotthol for å kome rundt ein dom dei ikkje likte. Etter hans syn undergrev staten både rettsreglane og domstolane når han opptrer på denne måten.
Aasland var ueinig i kritikken.

TUNGT SKYTS: Sigrid Hoddevik Losnegård skulda regjeringa for å bryte ned alle verdiar ein har i samfunnet.
Foto: Skjermdump NRK
Natur og Ungdom-leiar Sigrid Hoddevik Losnegård var langt meir direkte i sin kritikk av regjeringa.
– Det er heilt sjukt det de i regjeringa gjer no! De bryt ned alle verdiane som vi har i samfunnet.
Ho meinte at planen om mellombels dumping i tre år var ein del av eit større mål om å gi Nordic Mining permanent løyve til å dumpe gruveavfall i fjorden.
Aasland ville ikkje svare på påstanden om at regjeringa planlegg eit permanent løyve.
– Vi er ikkje mot gruvedrift
Natur og Ungdom-leiaren blei utfordra på argumentet om at mineral som ikkje blir utvunne i Norge, kan bli utvunne i andre land.
– Vi har aldri sagt at vi er mot gruvedrift, svara Hoddevik Losnegård.
Ho meiner det er mogleg å drive gruvedrift utan å dumpe avfallet i fjordane. Ho kritiserte staten for ikkje å stille strengare krav til at Nordic Mining må finne andre løysingar.
Aasland viste på si side til at den miljøfaglege vurderinga er at tre år med dumping ikkje vil få store miljøkonsekvensar.
– Søppelplass
Også Lars Haltbrekken frå SV gjekk hardt ut mot regjeringa.
– Regjeringa har behandla Førdefjorden som ein søppelplass!
Han meiner regjeringa har sett Høgsterett til side, og kravde at utsleppet blir stansa med ein gong.

ULLGENSAR: Lars Haltbrekken (SV).
Foto: Skjermdump NRK
Haltbrekken blei utfordra på at SV i partiprogrammet sitt tek til orde for ein god balanse mellom mineralnæringa, miljøet og lokalsamfunna.
Han understreka at SV ønskjer å utvikle mineralnæringa, men ikkje på ein måte som let internasjonale gruveselskap velje den billigaste løysinga for å bli kvitt avfallet sitt.
SV har to krav, ifølge Haltbrekken: Stans utsleppet og trekk tilbake dei mellombelse løyva. I tillegg vil partiet stanse gruvedumping i alle norske fjordar.
– Vi er eit av to land i verda som brukar fjordane som søppelplass!
Då Haltbrekken blei spurd om korleis Norge då skal utvikle mineralnæringa, svara han:
– Resten av verda gjer det ikkje på denne måten!

Les også
MDG krev full stans for Førdefjorden-utslepp i budsjettforhandlingane

Les også
Møter sjukdommen på jobb: – Ser kor viktig det er

Les også
– Av og til så vinn vi, av og til tapar vi. Slik er livet