Landets største utviklar skiftar toppsjef.
Rui Casais skildrar dette som ei naturleg tid å gå av. Han seier i ei pressemelding at fokuset hans har vore på vekst og å legge grunnlaget for suksessen til Conan Exiles og Dune: Awakening.
– Eg er veldig stolt av det me har fått til. Funcom går inn i ein annan fase, der teamet må ha eit laserfokus på vidare utvikling og drift av desse to spela, seier Casais.
Produktsjef Scott Junior rykkjer opp og tar over vervet.
Casais er ferdig som Funcoms toppsjef ved slutten av året. Han har vore med Funcom gjennom 22 år, og har vore toppleiar dei siste elleve åra.
Fram til nyåret skal han jobbe med Junior for å sikre ein jamn overgang.
Funcom har som kjend hatt nokre tøffe år. Sjølv om lanseringa av Dune: Awakening gav dei rekordomsetning, har dei også gått med store underskott.
I fjor noterte dei seg eit underskott på nærmare ein halv milliard. Gamer.no har omtalt kutt i staben tidlegare, og no varslar selskapet ein ny runde med nedbemanningar.
– Det betyr å redusere storleiken på organisasjonen og, dessverre, å seie farvel til verdsette kollegaer, skriv dei i pressemeldinga.
Funcom ønsker ikkje å kommentere detaljar rundt nedbemanninga.
– Mitt fokus er å sikre at prosessen er så støttande som mogleg for alle ramma, og det å behandle kollegaene våre med den respekten og transparensen som dei fortener, seier Casais.