Debattinnlegg

Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

No har vi trua!

Lenge trudde vi at AP-regjeringa trudde det berre var i dei store byane det budde folk.

I veka som gjekk, fekk vi eit håp om at AP faktisk vil at det skal bu folk i mindre bygder òg.

Det kan sjå ut som at distriktsarbeidsplassar innan mineralnæringa og havbruk framleis har livets rett, sjølv om begge næringane set miljømessige fotavtrykk.

Vi har på kort tid hatt to klima- og miljøministrar som begge har måtta tole hard kritikk. Vi trur nok dei begge har kjent at det brenn under skorne. Men dersom Sigrun Aasland trekkjer tilbake løyvet til Nordic Mining på bakgrunn av Høgsterettsdommen, blir spørsmålet langt større enn kva som skal skje på Engebø.

Dei som har lese oppsummeringa av Høgsterett sin dom, forstår at dei rettslege prinsippa kan få konsekvensar for langt fleire enn Nordic Mining. Det kan sjå ut som at nokon har rota dette kraftig til.

Det står : «Etter vannforeskriften og vanndirektivet må tiltak som forringer kvaliteten av en vannforekomst være begrunnet i tvingende allmenne hensyn.» Kjelde: Høgsterettt, Førdefjorden-saka 17.juni 2026

Det går fint an å overleve utan oppdrettslaks.

Det er her vi meiner det verkeleg store spørsmålet etter Høgsterettsdommen ligg:

Dersom dommen blir brukt som grunnlag for å trekkje tilbake løyve og i praksis avvikle éi næring fordi ho forringar ein vassførekomst, må dei same rettslege prinsippa praktiserast konsekvent overfor andre næringar som medfører tilsvarande forringing.

Det ville få enorme konsekvensar for mange små kystsamfunn dersom store delar av havbruksnæringa måtte avviklast.

På Engebø skal overskotsmassane deponerast på rundt 300 meters djupne på eksisterande blautbotn. Havbruksnæringa slepp på si side ut organisk materiale i form av mellom anna fôrrestar og avføring, ofte på langt grunnare vatn.

Det er sjølvsagt snakk om to svært ulike typar påverknad. Fisk kan trekkje bort frå området der gruveavgangen blir lagd, medan oppdrettsanlegg kan trekkje til seg villfisk som beitar på fôrrestar rundt anlegga. Dei fleste forstår at villfisk ikkje er skapt for å leve på oppdrettsfôr.

Samtidig er Engebø no vurdert på nytt etter Høgsterettsdommen. Det nye mellombelse løyvet omfattar 4,5 millionar tonn mineralavgang over tre år. Miljødirektoratet har vurdert at denne avgrensa deponeringa ikkje vil medføre forringing av vassførekomsten i strid med vassforskrifta, og Klima- og miljødepartementet har lagt denne vurderinga til grunn.

Det er eit viktig poeng: At massar lagde på sjøbotnen, betyr ikkje i seg sjølv at ein fjord blir øydelagd.

Vi har eit godt døme rett utanfor stovedøra. Rundt 90.000 kubikkmeter stein frå Naustdalstunnelen vart brukte til utfylling for badeplass og småbåthamn i Naustdal. Sjøbotnen vart endra, mange botndyr måtte bøte med livet, men overskotsmassane vart samtidig ein ressurs for lokalsamfunnet.

Overskotsmasse frå Nordic Mining kan også brukast til å dekke forureina sjøbotn og redusere spreiing av miljøgifter. Ved U-864 utanfor Fedje er tildekking av kvikksølvforureina sjøbotn vurdert som eit miljøtiltak og også sjølve ubåtvraket kan dekkast til som ein del av løysinga. Det kunne òg vere interessant å undersøkje slike løysingar ved gamle industriområde, som t..d tidlegare Ankerløkken.

Mineralutvinninga på Engebø tilfører ei bygd som folketalsmessig er i kneståande, over hundre distriktsarbeidsplassar, der dei som bur lokalt kan få arbeid dersom dei ønskjer det.

Havbruksnæringa held på si side liv i svært mange småbygder langs kysten av landet vårt. Utan desse arbeidsplassane ville det blitt mørkt i mange vindauge.

Høgsterettsdommen vil få konsekvensar, men konsekvensen av strengare vassmiljøkrav treng ikkje å vere avvikling.

Tolkar ein dommen slik at eksisterande næringar som påverkar vassførekomstar skal avviklast, kan ein ikkje utan vidare stoppe mineralnæringa og la andre næringar med tilsvarande rettslege problemstillingar halde fram som før. Dommen må praktiserast konsekvent.

Ei omfattande avvikling av næringane vil få dramatiske konsekvensar for distrikts-Noreg. Det handlar om titusenvis av arbeidsplassar, busetjing og små lokalsamfunn langs heile kysten.

Problemstillinga rundt vassdirektiva stoppar heller ikkje ved gruvedrift og havbruk. Kommunalt avløp og utslepp frå store befolkningskonsentrasjonar er også omfatta av vassregelverket. I Oslofjorden vil neppe løysinga vere å avvikle byane.

Vi må ta Høgsterettsdommen på alvor og stille strengare miljøkrav der det er nødvendig. Men skal dommen ha legitimitet, må dei same rettslege prinsippa gjelde.

Løysinga må vere tiltak som ikkje forringar vasskvaliteten i for stor grad – ikkje å avvikle næringane og lokalsamfunna som er bygde rundt dei.

Honnør til AP for å stå støtt i stormen og vil oppretthalde distriktsarbeidsplassar som ikkje kan sentraliserast.