I formannskapet torsdag fekk politikarane informasjon om status på nytt kunstgras på Florø stadion.
Tilstanden på kunstgrasbana utgjer ein helserisiko, meiner Florø Fotball, og tidlegare i år vart det lova nytt kunstgrasdekke – utan gummigranulat.

Les også
Revolusjon på kunstgraset: Florø satsar på miljø og gjev spelarane det beste, allereie i år
Men no har prosjektet møtt på utfordringar, informerte kommunalsjef Rolf Bjarne Sund i møtet.
– Vi har møtt på nokre utfordringar, og prosjektet er forsinka. Vi må komme tilbake med ei ny løysing på dette, sa Sund.
– Dei tilboda vi fekk inn i anbodsrunden var vesentleg høgare enn budsjettløyvinga. Dette har samanheng med miljøkrava vi har stilt, då vi ikkje skal ha gummigranulat, informerte han.
Det vert no sett på ekstern finansiering for å kunne realisere prosjektet.
– Det blir jobba godt med eksterne finansieringskjelder. Men per no er det ikkje realistisk å komme i gang med prosjektet i år, sa Sund.
– Prosjektet er ikkje fullfinansiert, avslutta han.

Les også
Det hastar å skifte dekket på kunstgrasbana: – Større helserisiko for kvart år