Fire personar var i bilen då han køyrde av vegen på R15 Nordfjordvegen ved Deknepollen fredag kveld. Sjåføren er mistenkt for å ha køyrt i ruspåverka tilstand.

Politiet fekk melding om ulykka klokka 22.30. Bilen hadde køyrt i grøfta, og det var ingen andre køyretøy involverte.

Ein av dei fire forlét staden like etter ulykka. Nødetatane var på staden og kom seinare i kontakt med alle fire.

To personar vart frakta til sjukehus med ambulanse. Politiet kjenner ikkje skadegraden, men begge var vakne og medvitne.

– Fører mistenkjast for køyring i rusa tilstand. Vi opprettar sak, skriv operasjonsleiar Jan Børge Misje i politiets loggføring.

Like over midnatt var vegen open att, men det gjekk framleis føre seg opprydding på staden.