Litt før midnatt fredag fekk naudetatane melding om ei trafikkulykke på riksveg 15 ved Deknepollen i Måløy. Ein bil med fire personar i hadde køyrt i grøfta. 

Ein av personane hadde forlate staden like etter ulykka. Naudetatane rykte ut til staden, og fekk etter kvart kontakt med alle fire involverte. 

To av dei blei frakta til sjukehus i ambulanse. Politiet kjenner ikkje skadeomfanget, men begge var vakne og medvitne. 

Politiet har teke beslag i førarkortet til føraren av bilen. 

– Førar er mistenkt for køyring i rusa tilstand. Vi opprettar sak, opplyser Jan Børge Misje, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.