Det blei bråk allereie i forkant av sommarens Elvis-festival i Måløy. Då oppdaga arrangørane at Kinn kommune hadde teke festivaltoalettvogna og plassert denne som permanent løysing for trengde cruiseturistar på utflukt for å fotografere Kannesteinen. Det likte festivalarrangørane dårleg, kanskje ikkje så rart sidan den mobile vogna hadde vore brukt av festivalen i 25 år.
På bakgrunn av dette varsla at dei kom til å krevje ei form for refusjon frå kommunen for å ha laga ei løysing som sette Elvis-folket i knipe.
No har festivalgeneral Helge Hjelle gjort varselet til verkelegheit. I eit brev til Kinn kommune datert 10. september krev han refusjon på 23.219 kroner, basert på at festivalen måtte leige inn toalettvogn frå Basecamp Stryn til 18.750 kroner, samt betale Husevåg Rør for å få kopla opp anlegget. Det kosta 4469 kroner.
Les også
Elvis-folket vil ha doen sin tilbake. Viss ikkje krev dei pengar frå kommunen
I kravbrevet rettar Hjelle også skarp kritikk mot kommunen for at dei hadde låst av toaletta på Rådhuset gjennom festivalhelga, noko som særleg råka dei rørslehemma.
Meiner kommunen har svikta dei
– For mange er ein festival ei glede, ei feiring av fellesskap og kultur. Men for personar med rørslehemmingar kan manglande tilgjengelegheit gjere slike arrangement til ei kjelde til frustrasjon og skam. Under årets «The Norwegian Elvis Festival» i Måløy vart dette smerteleg tydeleg, då Kinn kommune stengde dørene til eit livsviktig handikaptoalett, i tillegg til å fjerne den tradisjonsrike festivaltoalettvogna. Resultatet vart ein festival prega av unødvendige hinder for dei som trong det mest, slår han fast.
Hjelle kallar fjerninga av toalettvogna og avlåsinga av rådhustoalettet for ein svikt i føreseielegheit og service frå kommunen si side.
(Saka held fram under bildet)
FÅR HALDE: Kinn kommune peikar på at det heilt nye og moderne toalettet i Måløy sentrum må kunne dekkje behovet.
Foto: Fj. Tidende
Og konsekvensane var dramatiske, meiner Hjelle. Rullestolbrukarar og andre med rørslehemmingar stod utan tilgang til eit eigna toalett. Festivalarrangørane fortel om «særs store problem» og «kraftig kritikk i eit elles prikkfritt arrangement». I tillegg sleit nokre gjester med å tilpasse seg storleiken på toaletta i den innleigde toalettvogna, noko som understrekar behovet for romslege og tilgjengelege fasilitetar som eit handikaptoalett i Rådhuset ville ha tilbode.
Les også
Ordføraren med klart svar i do-saka: – De har jo fått heilt nye toalett i sentrum
Hjelle meiner kommunens manglande velvilje overfor festivalen handlar om meir ein ein dass frå eller til:
– Dette er ikkje berre ei sak om manglande service; det er eit spørsmål om grunnleggjande respekt og inkludering. Å stengje eit slikt toalett under eit stort publikumsarrangement, utan førevarsel og trass i direkte førespurnadar, vitnar om ei urovekkjande mangel på forståing for behova til sårbare grupper, meiner han.
Den farlege kaikanten
Konsekvensen at do-situasjonen sette også tryggleiken på prøve. Folk måtte ty til alternative løysingar, som å bruke «kaikanten» som urinal. Dette handlar ikkje berre om uhygiene, men òg om sikkerheit og verdigheit. Erfaringar med «særs tragisk utfall» frå slik praksis understrekar alvoret, meiner arrangørane.
Les også
I Måløy brukar kommunen millionar på nye offentlege toalett. I Florø har vi ikkje pengar til å halde vår einaste do open
– Arrangørane av «The Norwegian Elvis Festival» minner om at festivalen er eit dugnadsprosjekt som gjev mykje tilbake til lokalsamfunnet. Dei meiner det er urimeleg at dei skal sitje att med ei ekstrarekning på over 23.000 kroner og samtidig måtte beklage kommunen sin svikt overfor sitt publikum.
– Det er på høg tid at Kinn kommune ikkje berre refunderer festivalen for dei påførte utgiftene, men òg tek eit grundig oppgjer med eigne rutinar og prioriteringar. Ein kommune skal vere ein føregangsfigur for inkludering, ikkje eit hinder. Ei positiv reaksjon på førespurnaden er ikkje berre venta, men naudsynt for å gjenopprette tilliten og sikre at framtidige arrangement i Kinn er tilgjengelege for alle, meiner arrangørane.
Sist Firdaposten skreiv om saka i forkant av festivalstarten 30. juli, slo ordførar Bengt Solheim-Olsen (H) fast at verken festivalen eller tilreisande til Måløy hadde noko å klage over, sidan byen nyleg har fått nytt toalett- og serviceanlegg i sentrum – og at framtidige refusjonskrav mot kommunen ville bli avvist. Han lova også ekstra reingjeringskapasitet ved det nye anlegget i samband med større arrangement.