Natt til søndag 25. oktober skal klokka stillast éin time tilbake, frå klokka 03.00 til 02.00. Noko som anten kan gi folk éin time meir med fest – eller éin time meir på auga. 

Det har over fleire år vore snakk om å leggja vekk ordninga om sommar- og vintertid i Norge. 

EU-parlamentet har støtta EU-kommisjonen sitt forslag frå 2018, om å skrota ordninga. Men enn så lenge har ikkje saka kome vidare i EU-rådet. 

«EU har framleis ikkje kome til semje om forslaget om å avskaffa tidsomstillinga, og det er heller ikkje sett ein tidsplan for vidare behandling», seier næringsminister Cecilie Myrseth (Ap) til Dagbladet.