Torsdag kveld tok han, dronning Sonja og kronprinsesse Ingrid Alexandra imot stortingsrepresentantane til den tradisjonsrike middagen på Slottet.
– Som de sikkert skjønner, så er det ikkje berre berre å bli konge over natta. Då kjem det godt med å ha 35 års erfaring som mellomleiar i ei middels stor offentleg verksemd, sa kongen til dei festkledde folkevalde som gav han applaus.
Også fleire medlemmer av regjeringa var til stades.
Vellukka operasjon
Det er 108. gong den tradisjonelle middagen for alle stortingsrepresentantane blir halden på Slottet. Menyen i år rokkar heller ikkje ved val av hovudrett, som igjen er elg frå kongen sitt eige jaktlag i Sikkilsdalen, akkompagnert av raudbetar, stilkblomkål, potetpuré og portvinsjy.
Til forrett vart det servert krabbesalat og osteterte, til dessert stod molter med rømmebolle og rømmeis på menyen.
Kong Haakon helsa selskapet frå dronning Mette-Marit, som hadde gyldig forfall på grunn av den omfattande lungeoperasjonen i sommar, og sat derfor ikkje attmed kongen.
– Ho skulle veldig gjerne vore her saman med oss i kveld, men treng å vere i rekonvalesens etter den vellukka lungeoperasjonen i sommar, sa kong Haakon.

PÅ PLASS: Erling Sande frå Gloppen var sjølvskriven gjest på slottsgallaen. Her saman med partifelle Kjersti Toppe.
Foto: Lise Åserud
Saknar faren
Det er andre gong kongen er vertskap for den årlege middagen. I 2023 hadde kong Harald korona og dåverande kronprinsregent Haakon måtte steppe inn for far sin. Men ettersom talen til kongen allereie var skriven då han vart sjuk, var det den talen Haakon las opp.
Torsdag kveld hadde han sin eigen tale. I den uttrykte kong Haakon sakn over bortgangen til faren, at nettopp stortingsmiddagen var arenaen hans der han fekk utløp for treffande kommentarar og spøkar.
– Han såg alltid fram til denne kvelden, og sette stor pris på tradisjonen med å invitere Stortinget hit, sa kong Haakon.

TRIO: Kronprinsesse Ingrid Alexandra, kong Haakon og dronning Sonja då dei kom til den tradisjonelle stortingsmiddagen.
Foto: Lise Åserud
– Ver deg sjølv
Han trekte dei lange linjene frå Eidsvollsmennene og Grunnlova til den politiske situasjonen i dag, der både kongehuset og Stortinget har endra seg, men at kongehuset og Stortinget høyrer saman.
– Det norske demokratiet er eit solid vern mot illiberale krefter. Styreforma vår har vist seg å skape robuste rammer for usemje, sa kong Haakon.
Mot slutten av talen vende kong Haakon seg til mora, dronning Sonja, og trekte fram korleis det nye kongeparet er heldige som skal byggje vidare på det fundamentet ho saman med kong Harald har bygd gjennom 35 år.
– Det er særleg tre ting frå han som eg vonar vi alle kan ta med oss: Alle menneske er like mykje verd. Vi må ta godt vare på kvarandre. Prøv å vere deg sjølv, sa Haakon.

Les også
Her er Sogn og Fjordane-benken med på ein historisk augneblink

Les også
Slik har sunnfjordingane minnast kong Harald

Les også
Det er ofte stille når eit skip glir forbi. Her var den stilla ekstra spesiell